Lyse kveldar påverkar nattesøvnen din

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lyse kveldar påverkar søvnen

Intervjuet var først på Universitetet i Bergen sine sider

Det er midtsommar. Det nordiske lyset skin natta lang, gjennom det opne vindauget duftar det syrin og kaprifol. Eit pinnsvin gøymer seg under benken i gata. Glade menneske ler til akkompagnement av fuglesong.

Når det er lyst døgnet rundt, det må vel forstyrre søvnen, Bjørn Bjorvatn, søvnforskar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin?

– Det viktige er jo ha det mørkt på soverommet, og ved hjelp av blendegardiner, klarer vi jo det sjølv midt på sommaren. Eg veit ikkje om nokon har studert søvnen i eit rom kor det er dagslys, men det vil sikkert forstyrre både innsoving og kvalitet.

Men korleis speler det inn på søvnen at det er så enormt stor skilnad på lyset om vinteren og sommaren?

– Viktigast av alt, heile året, for at du skal ha ei god søvn er at du har ein god døgnrytme. Forstyrrar du søvnrytmen forstyrrer du den djupe søvnen, som er avgjerande for psykologisk velvære og opplagtheit på dagtid, fortel Bjorvatn.

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?

Men for å halde oss til sommaren. Blir vi ikkje uansett oppkvikka av alt lyset?

– Ja, lyset gjer oss glade. Vi har lengta etter dette gjennom ein lang vinter. Valfartinga til Syden handlar vel så mykje om at vi dreg etter lyset, som at vi skal sole oss og drikke billeg alkohol. Men for folk med søvnvanskar kan sommaren vere ei vanskeleg tid.  Om du har vanskar med å sovne, blir det ikkje betre av at lyset fløymer inn på soverommet. Sidan lys verkar oppkvikkande, lyse rom får ein til å vakne, så kan det forstyrre søvnen. Men fordi overgongen til lysare kveldar og netter går så gradvis, er det ikkje grunnlag for å seie at det forstyrrar søvnen til majoriteten av det norske folket Faktisk er overgongen vel så stor ved påsketider då vi kjem frå mykje mørker ut i lyset. Alle har vel merka at dei blir ekstra gira av det enorme lyset på påskefjellet. Ideelt sett burde Noreg burde bli kutta laus frå Sverige, og blitt slept ned til kysten utanfor Portugal.

Men har vi det ikkje ganske bra der vi er, Noreg skårar jo høgt på livskvalitet?

– Tja, jo altså, det er mykje vi vil behalde: Den norske kulturen, den flotte naturen, den friske lufta, alt det der. Men det er for mørkt og vått, synest du ikkje? Med tronge dalar, svært mykje nedbør og lite snø er det jo ingen ideell plass. Den gode nyheita er at sjølv om det er overskya er det overraskande lyst. Vi har gjort målingar som viser at det kan være mer enn 20.000 lux på ein gråversdag (Med lux meinest måleeining for belysningsstyrke, Red.mrk.). Ein solskinnsdag kan ha over 100000 lux. Resultatet av målingane ved overskya ver var høgare enn vi hadde trudd. Det viktige er å komme seg ut. Du får ikkje nok lys framfor pcén. Innendørs er antall lux gjerne 200 – 400 lux. Særleg er det viktig å bli eksponert for lys rett etter at ein har stått opp.

LES OGSÅ: Ungdom treng faktisk meir søvn

Du seier at lys påverkar årvakenheit. Meiner du med det at vi blir dummare av å bu i nord?

– Mindre lys fører til mindre årvakenheit, kan gje vinterdepresjonar og søvnvanskar. I den bekmørke vinteren, når vi kanskje sit inne på jobb eller skule i dei få timane det er lyst, blir vi trøtte og sløve. Men å hevde at vi blir dummare er eg ikkje einig i.

Jo, er folk i nord derfor trøttare enn folk ved ekvator?

– Det er meir søvnforstyrringar her i nord. Til dømes er norsk ungdom dei trøyttaste i verda. I alle fall var dei trøyttare enn ungdom i 23 andre land i ei undersøking som vart gjort av WHO. Men isrealske ungdommar var dei nest trøttaste, så lyset er langtifrå den einaste forklaringa. Vi mistenker at utstrekt bruk av digitale medier er ein av dei verste søvntjuvane. Når det gjeld dette med jevnt lys gjennom året, er det klart at dei som bur nærare ekvator har ei langt betre balanse i døgnrytmen.

Søv dei trøtte norske ungdommane betre om sommaren?

– Det er nok mange av dei som er meir opplagte, og lettare å få opp om morgonen. Men 5-10 prosent av ungdommar har det vi kallar forseinka søvnfase, og for dei blir innsovning ytterlegare forskyve, medan vinteren er for mørk for dei. Så dette er ei gruppe det er viktig å nå med behandling.

Du sa at lyset gjer oss gladare. Søv deprimerte betre om sommaren?

– Det er ganske sannsynleg. Vi veit jo at lysterapi har effekt ved depresjon, men til dømes bipolare må vere forsiktige med lys, fordi mykje lys kan utløse maniar/hypomanier. Så lys har ein sterk påverknad.

Så søvn verkar inn på det meste?

– Ja, til dømes veit vi frå psykiatrien at forstyrringar i søvnmønsteret kan utløyse bipolare maniar og depresjonar. Endra søvnmønster i svangerskap og barseltid kan utløyse psykiske lidingar hjå kvinner som er sårbare for dette. Eit felt det forskast mykje på er søvnforstyrringar hjå deprimerte, særleg i utsette periodar som svangerskap.

Kva er dei heitaste områda på søvnforsking for tida?

– Søvn er eit felt i stor vekst. Det er eit veldig tverrfagleg forskingsfelt, og det er noko av det som gjer det så spennande: Medisinarar, psykologar, psykiatrar, biologar og fleire er opptatt av søvnen. Bergen er den leiande byen i Noreg når det gjeld søvnforsking. Her har vi hatt mykje fokus på ungdommar og søvn, på skiftarbeid, narkolepsi og insomni, eller søvnløyse. Til neste år kjem eg til dømes med ei ny bok om ungdomssøvn.

LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn