Andrea (22) er på utveksling i Frankrike: – Det er så utruleg viktig å bygge bruer
Andrea Victoria Horne har fått både utfordra og stadfesta fordommar om andre nasjonalitetar på utveksling.
– Eg hadde lyst til å utfordre meg sjølv. Det å flytte til Bergen for å studere, var også ei utfordring, men eg hadde ein tryggleik i at eg kjente så mange andre som skulle dit. No har eg dratt til utlandet heilt på eiga hand, fortel Andrea Victoria Horne (22).
Horne, som kjem frå Oslo, studerer samanliknande politikk på tredje året ved Universitetet i Bergen. I midten av august drog ho til Aix-en-Provence i Sør-Frankrike på utveksling.
– Det har vore fantastisk. Eg har blitt kjent med mange menneske og fått gode vener for livet. Det har vore ei stor utfordring, men eg har lært så mykje av erfaringa. Moglegheita til å reise på utveksling til utlandet, burde alle nytte. Det er ein sjanse ein kanskje aldri får igjen, fortel ho.
Valet fall på Sør-Frankrike på grunn av klimaet. I Provence er det sommartemperaturar heilt ut i november.
– Det er veldig deilig. Samstundes ville eg oppleve ein ny by som eg aldri hadde vore i før. Eg har høyrt mykje fantastisk om byen og studentmiljøet. Eg ville også lære litt fransk og bli kjent med franskmenn på ein heilt annan måte, seier ho.
Stadfestar og utfordrar fordommar
Horne synest det er kjekt og spennande å vere på utvekslingsopphald i eit framandt land, og ho slår fast at det er ei heilt anna oppleving å bu der i fleire månader, enn å berre dra på ferie.
– Noko av det beste er kor forfriskande det er å oppleve ein annan kultur og bu i ein annan by, seier Horne, som har budd mesteparten av livet sitt i Oslo, etterfølgt av to år i Bergen.
Nokre gonger treffer det henne: «Herregud, eg bur i ein heilt annan by!» Men samstundes har ho vorte veldig fort van med å vere vekke heimanfrå.
Ho har i alle fall fått god tid til å bli kjent med det franske lynnet. Fordommane ein har mot franskmennene har både vorte stadfesta og utfordra.
– På godt og vondt. Mange franskmenn er arrogante og ikkje veldig imøtekommande. Veldig mange kan ikkje engelsk, eller er dårlege i engelsk. Det var som venta, fortel ho.
– Men eg har også møtt på det heilt motsette. Særleg blant studentane, som er mykje meir imøtekommande og mindre arrogante enn dei eldre generasjonane. Dei er også betre i engelsk. Men det er sjølvsagt store skilnader, og lett å generalisere. Ein møter alle typar menneske, fortel ho.
Blir kjent med menneske
Horne fortel at ho har fått vener for livet på utveksling. Ho er del av eit internasjonalt studentmiljø, og har blitt kjent med folk frå heile verda – frå Europa, USA, New Zealand og Sør-Amerika.
Ho meiner noko av det beste med å reise ut av heimlandet sitt er nettopp å bli kjent med menneske frå andre kulturar.
– Ein har så mange tankar om folk av andre nasjonalitetar. Særleg franskmenn og amerikanarar. Men nokre av dei eg har vorte aller best ven med er amerikanarar, slår ho fast.
– Ein blir ikkje berre kjent med ein annan kultur, men med sjølve menneska. Ein må utfordre dei fordommane ein har, seier ho.
– Har du møtt på nokre fordommar mot Noreg og nordmenn?
– Nei, faktisk ikkje. Dei fleste verkar ikkje å ha så mange tankar om nordmenn. Det dei trekker fram er Haaland og Ødegaard, seier ho.
Naturlege diskusjonar
2024 har vore eit år med mykje internasjonal turbulens. Det har vore sjokk-val i EU, det har vore krigføring i Europa og Midtausten, og når Framtida.no snakkar med Horne, er det få dagar til valet i USA.
– Er dette noko de snakkar om?
– Ja, absolutt. Det amerikanske valet er det mykje prat om, særleg med amerikanarar på studiet. Mange av oss er politikkstudentar, så det er naturleg å diskutere. Men vi snakkar ikkje meir om det enn kva vi gjer heime. Samstundes ser ein endå meir demonstrasjonar og opprør i Noreg, til dømes i samband med Israel og Palestina, seier ho.
Ho merkar seg at jamaldrande franskmenn er interesserte og engasjerte i politikk.
– Det verkar i alle fall som om studentane engasjerer seg. Og franskmenn har jo rykte på seg for å vere politisk aktive, seier ho.
– Same verdiane
I ei verd med aukande uro er det særleg viktig å skape forståing på tvers av landegrenser, meiner Horne.
– Det er så utruleg viktig å bygge bruer med kvarandre, og sjå at vi er mykje likare enn vi trur. Eg har fått vener frå heile verda, og ein tenker overraskande lite over at ein kjem frå ulike stader. Det finst kulturskilnader, men vi har dei same verdiane og interessene. Alle er gode menneske og ønsker det beste for verda. Det er veldig fint å sjå.
Ho meiner det er særleg godt å kunne lære om andre kulturar gjennom å snakke saman, ikkje berre ved å sjå det på TV.
– Det å lære om korleis det er å bu i Arizona i USA, i forkant av det amerikanske valet, når du har ei direkte kjelde framfor deg, det har vore utruleg fint. Vi har lært mykje om kvarandre som eg trur vi vil ta med oss vidare, seier ho.
Svakare tryggleikskjensle
Horne har også verkeleg fått auga opp for kor godt det er å bu i Noreg. I studentbyen er det ganske synleg at ikkje alle lever gode liv.
– Noko av det som har vore det største sjokket, som pregar meg i kvardagen, er å sjå kor mange uteliggarar og folk med rusproblem eg ser på gata. Eg har opplevd «catcalling» og blitt spytta etter. Eg har sett ein mann slå ei dame på ope gate. Det har vore fleire slike små-ubehagelege opplevingar, fortel ho.
Ho seier at desse opplevingane gjer noko med tryggleikskjensla. Det er skummelt å gå ute åleine om kvelden. Den franske byen Marseille, som mellom anna har store utfordringar med narkotikakriminalitet, er like i nærleiken av Aix-en-Provence.
– Eg merkar at vi tar den kjensla av tryggleik for gitt i Noreg, og opplever at det ikkje er likt i utlandet, seier ho.