Ordførarane kan ta styringa i klimakampen

Storbynettverket C40 kan bli avgjerande for å redda klimaet. Det samlar dei største byane i verda, mellom anna Oslo, i klimakutt.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordførarane kan styra

Dagsavisen har møtt Mark Watts, leiar av klimanettverket C40, som er på besøk i Oslo.

– Det eigentlege politiske leiarskapet i kampen mot klimaendringane er det ordførarane i dei største byane rundt i verda som står for, seier han.

Han peikar på at utsleppa av CO2 har auka med 60 prosent sidan Kyoto-avtalen, samstundes som forhandlingane held fram mellom verdsleiarar.

– I kontrast til det ser du at ordførarane i dei ledane byane i verda har eit langt høgare ambisjonsnivå, og leverer meir, seier Watts til Dagsavisen.

Medan klimakutta som er naudsynte for å nå togradersmålet sjeldan blir oppfylt av statsleiarane, har byane i C40 forplikta seg til langt meir – og Watts seier målet er å bli meir aggressive i arbeidet.

LES OGSÅ: – Kjeldesortering hjelper ikkje miljøet

Oslo er ein av dei 75 byane som er med i C40, som vart starta i 2005. I nettverket har Oslo status som innovatørby – ein by som utmerkar seg med noko andre kan læra av.

Byrådsleiar i Oslo, Stian Berger Røsland (H), deler skepsisen Watts har til statsleiarane, og trur byane må ta styringa.

– Som byleiarar kontrollerer me ein ganske stor del av dei potensielle kjeldene til klimautslepp, og kan gjera mykje uavhengig av kva dei nasjonale leiarane våre får til i Paris, seier han, og siktar til klimatoppmøtet i Paris seinare i år. Han fortel til Dagsavisen at han ikkje har store forhåpningar til det møtet, men håpar på det beste.

LES OGSÅ: – Bærekraft kan ikkje vedtakast