Utdanningsdirektoratet tilrår at elevar på vidaregåande som har meir enn 15 prosent fråvær, ikkje bør få standpunktkarakter.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

– Vi vil sjå om ei slik fråværsgrense fører til mindre skulk, og at lærarane slik kan få betre grunnlag til å vurdere kompetansen til elevane, seier avdelingsdirektør Cathrine Børnes. I første omgang foreslår direktoratet eit treårig prøveprosjekt, melder NRK.

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag

Elevorganisasjonen meiner ei prosentgrense er feil veg å gå og håpar det ikkje blir noko av forslaget.

– Vi meiner at om du er ein flink elev, så skal du ha karakter i faget uansett. Sjølv om du er borte 14,16 eller 20 prosent for den del, seier leiar Kristoffer Hansen. Han trur forslaget vil ramme elevar som har det tøft.

– Vi har så mange tal som viser ein auke i psykiske lidingar og andre sjukdommar som gjer at folk ikkje søv om natta. Det fører til at folk er veldig stressa og er årsaka til at majoriteten held seg heime frå skulen, meiner Hansen.

Utdanningsdirektoratet foreslår også at alle skular skal ha eit system for å følgje opp fråværet og at det kan gjerast unntak for dei som har gyldig grunn til å vere borte. (©NPK)

LES OGSÅ: Slik unngår denne skulen fråfall

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01
ANNONSE