Ikkje realiserte tusenårsmål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intervjuet var først i Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

– I 2000 kom FN sine tusenårsmål som alle medlemslanda skreiv under på. Det er åtte konkrete, tidsbestemte og målbare ambisjonar som skulle realiserast innan 2015. Korleis har det gått?

– Eg er litt todelt der. I den tredje verda ser me ei positiv utvikling når det kjem til sosiale institusjonar som skule og helse. Noko fleire og fleire land har forstått er at det å bruka pengar på skule og utdanning ikkje er ein utgiftspost, men ei investering.

Likevel har ikkje det økonomiske gapet mellom verdas rike og fattige betra seg. Når verdsbanken seier at fattigdommen blir drastisk redusert, er det hovudsakeleg på grunn av Kina. Kina har opplevd stor vekst, og tek ein landet ut av statistikkane, så viser det seg at fattigdomsnivået faktisk er uendra. I tillegg er fattigdomsgrensa i FN sine tusenårsmål altfor låg. 1,25 dollar dekker kanskje eitt brød for éin person éin dag. Den personen vil ikkje kunne ha tilgang til medisin eller klede. Hevar me fattigdomsgrensa til to dollar, ser me fort at fattigdommen ikkje har gått ned i det heile, sjølv når Kina er inkludert i reknestykket.

LES OGSÅ: Berekraft skal erstatta tusenårsmåla

– Kvifor opplever Kina vekst?

– I Kina veks dei fordi dei har satsa på industri. Ein kjem ikkje ut av fattigdom utan å satsa på vidareforedling av anten industrivarer eller matvarer. Kina sin strategi har vore ein industri som er eigd, driven og planlagt av staten. I tillegg har Kina vore flittige til å investera i utlandet. Kina er jo også kjende for billege produkt med dårleg kvalitet. Fordi desse produkta er så billege har fattige land som har importert frå Kina opplevd det me kallar de-industrialisering. Det vil seia at desse fattige landa har hatt ein viss industriproduksjon, men så har den gått ned og produsentar har gått konkurs fordi det kjem varer frå Kina som er endå billegare. No ha Kina komme så langt at dei kan byrja å satsa på høgteknologi og kvalitetsrik produksjon.

– Det blir sagt at bistand er som å gi ein mann ein fisk, framfor å læra han å fiska. Kan bistand vera destruktivt for eit fattig land?

– Bistandsdebatten er veldig polarisert, og det er ofte ytterpunkta som får mest merksemd. Bistandspolitikk har i nokre tilfelle fungert som ei sovepute for landet som tek imot, har skapt avhengigheit eller hamna i feil lommer. Det er også døme på vellukka bistandsprosjekt, som i bygging av sjukehus og skular. Det er når pengane går direkte til statar at problema oppstår. I nokre land er det ein stor grad av nepotisme, og bistandspengar blir spreidd rundt i maktapparatet. Andre gonger går pengane til militære prosjekt. Derfor tykkjer eg norske bistandspengar bør gå til frivillige organisasjonar, fordi dei er langt meir gjennomsiktige og har rom til og mål om å hjelpa dei fattige.

Bistand er likevel berre eit lite bidrag og kan ikkje fjerna fattigdom eller utvikla eit land. Det er det berre økonomisk vekst som kan.

LES OGSÅ: Færre land skal få norsk bistand

– Mange meiner EU er proteksjonistiske og gjer det vanskeleg for u-land å eksportera varene sine til Europa. Kva tenkjer du om det?

– Auka handel med fattige land er definitivt ein måte å generera vekst i dei landa på. Slepp me til produkt frå desse landa vil me oppleva to fasar. På kort sikt vil produkt frå den tredje vera utkonkurrera våre eigne produkt. Men dette vil føra til at produsentar i den tredje verda tener meir og kan etterspørja meir frå oss. Slik sett har me nytte av kvarandre om me har handel med kvarandre.

Ghana har til dømes produsert kakaobønner i meir enn hundre år, utan at dei har klart å eksportera sjokolade. Når Noreg skal importera sjokolade, er det høgare importavgifter om me importerer frå Ghana enn om me importerer frå Belgia. Det lønnar seg for Noreg å ikkje importera frå Ghana.

– Kva er forholdet mellom politisk styresett og økonomisk vekst= Opplever demokrati større vekst enn autoritære regimer?

Nei. Me kan sjå på Sør-Korea som var eit einevelde, men som opplevde den raskaste industriveksten som har skjedd i verda på 60- og 70-talet Og det var absolutt ikkje eit demokrati. Du kan også ha store demokrati som ikkje får fortgang i økonomien. India er eit døme på dette. Det var først då indarane gjekk vekk frå planøkonomien sin at dei opplevde vekst.

– Går det an å snu på spørsmålet? Fører økonomisk vekst til demokratisering?

– Ja, i høgste grad. Igjen er Sør-Korea eit kjempedøme. Når landet voks økonomisk, auka også kjøpekrafta til folket. Det fører vidare til at landet ikkje må eksportera ut, men kan selja produkt til sitt eige folk, som no har råd til å handla litt. Når lønna går opp og forbruket går opp, følgjer også krav som å vera med å bestemma og demokrati. Eg er derfor sikker på at demokrati følgjer av økonomisk vekst, men ikkje omvendt.

LES OGSÅ: Eit løp for Kenya