Færre land skal få norsk bistand
Utanriksminister Børge Brende (H) vil gi bistand til færre land. Ap fryktar det kan gå ut over støtta til menneskerettsarbeid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I dag er den norske bistanden spreidd på 112 land og ei rekke tematiske område. Ein sterkare konsentrasjon gjer bistanden meir effektiv, sa Brende i Stortinget tysdag.
Første skritt i omlegginga kjem allereie på budsjettet som vert lagt fram til hausten.
Brende varsla også at han vil leggje fram ei eiga melding til Stortinget om betydninga menneskerettane har for utforminga av utanriks- og utviklingspolitikken.
LES OGSÅ: – No ser eg kor sterke menneske kan vere
Menneskerettsstøtte
Men leiaren for utanriks- og forsvarskomiteen, Anniken Huitfeldt (Ap), stiller spørsmål ved om det er mogleg å framleis satse på menneskerettar samtidig som ein reduserer talet på land som får støtte.
– Der vi smør tynt ut er jo nettopp der vi er inne med menneskerettsprosjekt, påpeiker ho overfor NTB, og viser som eksempel til støtte til kvinneorganisasjonar.
Huitfeldt skulle også ønske at Brende hadde slått fast at 1 prosent av bruttonasjonalproduktet framleis skal gå til bistand. Då hadde han stått mykje sterkare når han må argumentere mot bistandskutt i andre land, meiner Huitfeldt.
Ho konstaterer også at «einprosenten» har fleirtalet bak seg i Stortinget, og at det berre er Høgre og Framstegspartiet som vil redusere bistandsdelen.
LES OGSÅ: – Bistanden skal liggja på 1 prosent
Støttar endring
Kristeleg Folkeparti er einig i at bistanden bør verte konsentrert om færre land, slik også Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) etterlyste i ein rapport på nyåret. Bistandspolitisk talsmann Kjell Ingolf Ropstad kallar det ein veikskap at dei 20 største landa no berre får ein tredel av bistanden, mot halvparten for 10 år sidan.
Kirkens Nødhjelp gir også støtte til innsnevringa, men etterlyser kriterium for omlegginga.
– Vi meiner norske fortrinn og særleg historie i landet, må vere viktige kriterium, seier generalsekretær Anne-Marie Helland.
Satsar på næringsliv
Utanriksministeren varslar også at det vil leggjast meir vekt på samarbeid med næringslivet.
– Utan ein sterk privat sektor med små og mellomstore bedrifter, vert det inga utvikling, sa Brende.
Ropstad i KrF er nøgd med at Brende legg vekt på å fremje privat sektor og behovet for å skape arbeidsplassar, men åtvarar:
– Brendes nye initiativ må vere ein del av utviklingsarbeidet og ikkje ha som mål å fremje norsk næringsliv i utlandet. Til det har vi andre kanalar. Mandatet til utviklingspolitikken er å kjempe for dei fattige. Det må det framleis vere.
LES OGSÅ: – Treng lån, ikkje bistand
Ropstad seier mykje av bistanden framleis må bli gitt utan motytingar. KrF ønskjer dessutan ei tydelegare inndeling mellom fattige land, mellominntektsland og sårbare land, slik at bistanden vert betre tilpassa.
Brende opplyste vidare at Noreg vil ta ei global leiarrolle for å fremje utdanning i fattige land.
– Vi vil prioritere utdanning for jenter, sa han, og varsla ei eiga stortingsmelding om dette arbeidet.