Fleirtalet av eksamensoppgåvene som vart gitt ved UiO på nynorsk våren 2014 hadde språklege feil. Uhaldbart, meiner tidlegare Språkrådet-direktør Sylfest Lomheim.

Petter Fløttum, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg
Petter Fløttum, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg
Faktaboks

Mållova:

Slår fast at «bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.»

Forskrift om målform i eksamensoppgåver:

Slår fast at alle eksamenar, utanom i norskfag, skal bli gitt på begge målformer. Dette blir også slått fast i ei eiga forskrift om eksamenar ved UiO

Eksamenskandidatar skal få eksamen på den målforma dei sjølv ønskjer

Opnar for at lærestader kan søka om unntak frå forskrifta

LES FAKTALUKK FAKTA

Saka var først i Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

– Det er alvorleg at det ikkje finst eit godt system for korleis eksamensoppgåver blir omsett, og ikkje noko system for å kvalitetssikra språket, seier Jorunn Simonsen Thingnes.

Masterstudenten ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar (ILN) ved Universitetet i Oslo (UiO) har sett gjennom alle eksamensoppgåver på nynorsk som Universitetet ga våren 2014, og konklusjonen er klar: Språket er gjennomgåande dårleg og tekstane er fulle av feil.

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (Mat-Nat) står det dårlegast til med nynorsken. Der fann Thingnes morfologiske feil, altså bøygingsfeil, i 94,7 prosent av dei 38 eksamensoppgåvene som vart gitt på nynorsk. I 68,4 prosent av oppgåvene vart det brukt bokmålsord som ikkje er tillate i nynorsk og i 63,2 prosent av oppgåvene var det stavefeil.

Test deg sjølv: Kan du bokmål?

Ansvarleg for eigen tekst
Professor i norsk, og tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, meiner det er uakseptabelt at Universitetet ikkje gjer meir for å sikra at eksamensoppgåver følgjer gjeldande rettskriving.

LES OGSÅ: Milevis unna nynorskkrav

– Det er ein skam og ein skandale at det ikkje er kvalitetssikring, seier han.

Språknestoren understrekar at alt som blir skrive i statlege institusjonar skal følgja norske rettskrivingsreglar.

– Men det har ikkje komme bøter for språkfeil enno, seier Lomheim.

Sjølv om han etterlyser eit sterkare system for kvalitetssikring, er han klar på kvar hovudansvaret for korrekt språkføring ligg.

– Dei som er ansvarlege for teksten har ansvaret, seier han.

Nøgd med dagens system
UiO er pålagde å følgja Forskrift om målform i eksamensoppgåver (sjå faktaboks), som slår fast at «som hovudregel skal eksamensoppgåver i andre fag enn norsk, gitt på norsk mål, liggje føre i begge målformer.»

Fakultetsadministrasjonane er ansvarlege for at forskrifta blir følgt, men ved Mat-Nat er systemet i dag at dei fagansvarlege for dei ulike emna har ansvaret for at oppgåvetekstar blir omsett til nynorsk.

Det betyr at når ein tek eksamen så er oppgåveteksten skriven av den som er fagleg ansvarleg for kurset ein tek eksamen i, på den målforma ein sjølv ønskjer. Det finst derimot ikkje noko system for å kvalitetssikra at språket held mål og at det følgjer norsk rettskriving.

LES OGSÅ: Maria Parr – stor i Russland

– Aldri fått klager
Dei har så langt ikkje vurdert om det er behov for eit slikt system, fortel Øystein Bergkvam, administrativt ansvarleg for eksamensavviklinga ved Mat-Nat.

Thingnes har vore i kontakt med fakultetet i arbeidet med masteroppgåva si, men før ho tok opp språk i eksamensoppgåvene, hadde dei aldri før høyrt snakk om at det skulle vera noko problem.

LES OGSÅ: – Eg vil berre ha språket mitt!

– Me har aldri fått nokon klager på at språket i nynorskoppgåvene er for dårleg. Det har aldri skjedd at nokon har retta ei formell klage mot oss, fortel Bergkvam.

Sidan dei ikkje har fått nokon klagar tidlegare, har dei heller ikkje hatt grunn til å tru at nynorskoppgåvene deira har vore spesielt dårlege. Bergkvam fortel at dei derfor vil venta med å vurdera om dei skal endra praksis, til dei får sett seg inn i funna frå Thingnes si masteroppgåve.

Tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, meiner det er ei skandale at UiO ikkje har noko system for å kvalitetssikra språket dei skriv. Arkivfoto: Ketil Blom.

Meiner leiinga bør ta tak
Thingnes er ikkje einig i at dagens situasjon held mål.

– Konsekvensen bør vera at UiO tilset nokon som kan rydda opp i dette, seier ho.

Ho har snakka med fleire tilsette, og det gjennomgåande inntrykket er at mange tykkjer dagens system er for dårleg, men at få tykkjer det er viktig nok til å faktisk gjera noko med. Fleire seier i tillegg at dei ikkje veit kven som har ansvaret for at dei språkpolitiske lovene og forskriftene blir følgt ved Universitetet.

– Om noko skal skje, må det skje frå leiingsnivå. Problemet når det ikkje finst sanksjonar, er at ingenting blir gjort, meiner masterstudenten.

Full tillit
Prorektor ved UiO, Ragnhild Hennum, fortel at det overordna ansvaret for å overhalda språk- og mållover og –forskrifter, som andre lover og forskrifter, ligg hos leiinga. Eksamensavviklinga er delegert til fakulteta, fordi leiinga meiner at dei er best kvalifisert til å løysa oppgåva.

– Språk i eksamensoppgåver er fagnært, og det bør vera tett kontakt mellom fagpersonane som utarbeidar eksamensoppgåver og administrasjonen som bidreg til å avvikla eksamen, skriv ho i ein e-post.

Prorektoren skriv at leiinga har full tillit til at eksamensarbeidet til fakulteta.

– Alle stressmoment er alvorlege
Få av dei feila Thingnes har kartlagd er av ein slik karakter at dei kan føra til feiltolking om kva oppgåva faktisk spør om. Ho er likevel ikkje i tvil om at det ha ein negativ effekt for studentane når eksamensoppgåvene har skrivefeil og dårleg språk.

– Det har konsekvensar for studenten som sit der på eksamen. Du kan bli stressa og du kan bli opphengd i det og byrja å lura på kva anna som kan vera feil. Alle stressmoment er alvorlege for studenten på eksamen, seier ho.

LES OGSÅ: Lærarane er våre fremste ambassadørar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE