Regjeringa vil opne for å stengje ute «klimaverstingar» frå oljefondet, men meiner ikkje det er grunnlag for å droppe alle kol- og petroleumsselskap.

Finansminister Siv Jensen (Frp) la fredag fram stortingsmeldinga om forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2014.

Der blei det kjent at regjeringa føreslår eit nytt åtferdsbasert kriterium for å stengje ute «klimaverstingar».

– Det inneber at eit selskap innanfor kol eller petroleum kan stengjast ute på etisk grunnlag etter ei samla vurdering av selskapet, seier Jensen.

Ho strekar likevel under at kriteriet femnar bredt og ikkje er avgrensa til enkeltsektorar eller éin type klimagass.

– Dette fangar også opp at normene vil utvikle seg over tid med teknologisk utvikling og endringar i energiproduksjon, meiner finansministeren.

Regjeringa har vore under press for å stengje ute kolselskap frå oljefondet. Men i stortingsmeldinga heiter det at regjeringa deler vurderinga til ei ekspertgruppe av at «det ikkje er grunnlag for etisk motiverte utestengingar av alle kol- og petroleumsselskap basert på produkta deira».

– Ei aktiv eigarskapsutøving er det mest effektive verkemiddelet for å handtere klimaspørsmål i oljefondet. Viss internasjonale investorar skal ha ei rolle i overgangen til ein lavkarbonøkonomi, må dei ha ein plass ved bordet, seier Jensen.

LES OGSÅ: – Stans oljeleitinga utfor Vest-Sahara

Styrkjer miljømandat
Samtidig er regjeringa einig med Venstre og KrF om å auke ramma for miljømandatet til oljefondet til 30– 60 milliardar kroner.

– Vi er blitt einige om å auke den særskilde ramma for miljørelaterte investeringar, medrekna fornybar energi, seier Jensen.

I fjor blei miljømandata auka til 30– 50 milliardar kroner.

Årsrapporten for 2014 viste at avkastninga på miljøinvesteringane i oljefondet var 5 prosent i fjor. Til samanlikning oppnådde aksjeporteføljen samla ein gevinst på 7,9 prosent i 2014.

– Miljøporteføljen har gjort det svakare enn dei breie porteføljane i fire av dei fem åra vi har hatt dei, sa sjefen i oljefondet Yngve Slyngstad då rapporten blei lagt fram.

Både Venstre og KrF er tilfreds med at ramma for miljømandat no blir auka. KrFs Hans Olav Syversen seier han er overbevist om at dette blir lønnsame investeringar, og seier det styrkjer den grøne profilen i fondet.

SV-misnøye
SV er derimot misnøgd med meldinga.

– Forslaget frå Siv Jensen er fullstendig utilstrekkeleg, både når det gjeld klima, atomvåpen, skatteparadis og korrupsjon, seier finanspolitisk talsperson i partiet Snorre Valen til NTB.

– Her må Stortinget rett og slett køyre over regjeringa, krev han.

Statens pensjonsfond utland, eller oljefondet, har i dag ein antatt verdi på rundt 7.000 milliardar kroner. Fondet er investert i over 9.000 selskap. (©NPK)

LES OGSÅ: – Oljefondet legitimerer okkupasjonen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE