Yoga på timeplanen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

16-åringane på Oslo handelsgymnasium er ein del av eit prøveprosjekt som skal sjå om stressnivået blant elevane går ned av kurs med yoga og mindfulness, skriv NRK. Forventingar om å vera perfekt legg sterkt press på mange ungdommar, og dette er eit av forsøka på å motarbeida stresset.

I korte trekk går prosjektet ut på at elevane brukar ein time i veka på yoga, pusteteknikk og mindfulness. Dei skal rett og slett ta det heilt roleg.

LES OGSÅ: – Eg kan ikkje få til absolutt alt

Tal frå Ungdata 2013 syner at 1 av 3 unge mellom 13 og 17 år er plaga av uro i kvardagen og har kjensla av at «alt er slit». Ein av fire slit også med søvnen. Det er slike tal som er bakgrunnen for forsøksprosjektet.

– På vidaregåande er det mange avgangsfag som skal stå på vitnemålet resten av livet. Då blir det mykje stress fordi dei er så avgjerande, seier Caroline Bakken, ein av ungdommane som er med på prosjektet, til NRK.

Kunnskapsdepartementet tek statistikken for stressa ungdom på alvor, men innfører ikkje liknande tiltak på landsbasis heilt enno. Dei ønskjer likevel tiltaka velkommen, og statssekretær Birgitte Jordahl seier til NRK at skulane gjerne må setja i gang liknande tiltak, så lenge det ikkje går utover andre delar av læreplanen og undervisinga.

LES OGSÅ: Mindfulness på timeplanen?