Det meiner forskaren Karl Erik Lund. Fleire og fleire unge snusar, medan talet på røykarar går ned.

Siri Flatlandsmo, Studvest
Siri Flatlandsmo, Studvest

Artikkelen var først hos Studvest.

– Då eg røykte gjekk formen opp og ned. Kondisen er betre med snus enn med røyk, seier Thorfinn Lefsaker.

Lefsaker er student på Norsk Lærerakademi (NLA), og skal bli kroppsøvingslærar. Tidlegare røyka han fast, men no snusar han i staden. Det er han ikkje åleine om. Fleire og fleire unge snusar, medan talet på røykarar går ned.

Karl Erik Lund, forskingsleiar ved Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRIUS) er positiv til utviklinga.

– Snus har gitt langt fleire positive enn negative bidrag til folkehelsa, seier han.

LES OGSÅ: Høie vil gjera tobakk kjedeleg

Gunstig utvikling
Lund opplyser om at overgangen frå røyk til snus har skjedd utan at det totale tobakkonsumet har auka.

– Helsegevinsten som snusarane oppnår ved å erstatte sigarettar med snus overgår helseskaden som snus påfører det mindretal av brukarar som ikkje ville ha begynt med eit anna nikotinprodukt, seier Lund.

Han fortel at det er i forbrenningsfasa at tobakken blir giftig. Når sigaretten forbrenn blir det utløyst fire tusen kjemiske stoff. Sytti av desse er identifiserte som kreftframkallande.

– Snus fører ikkje til nokre av dei tilstandene som gjorde røyking ansvarleg for ein fatal verdsomspennande epidemi av lungekreft, KOLS og hjarte-karsykdommar, sier han.

LES OGSÅ: Vil ha røykfrie leikeplassar

Nullvisjon
Knut-Inge Klepp er divisjonsdirektør ved Folkehelseinstituttet og ser på nikotin som ei gift det ikkje er noko behov for.

– Visjonen er eit samfunn der ein unngår dei skadane som folk utset seg for i dag, seier Klepp.

Sjølv om han ønsker eit tobakksfritt samfunn kan han vere einig i at snus ikkje er verstingen på marknaden.

– Det er brei einigheit om at helserisikoen ved å røyke er større enn ved å snuse, seier Klepp, men legg til at vi ennå ikkje veit kor stor helserisiko det han kallar «ungdomsepidemien» vil føre til.

Nesten røykfri
Lund meiner at høge tobakksavgifter, intensive kampanjar og stadig fleire restriksjonar gir eit sterkt sosialt press mot røykeslutt.

– Sigaretten er blitt «vår gode fiende» – den alle kan vere einige om å hate. Røykarane er diskriminert og stigmatisert, og industrien bak produkta er skandalisert, seier Lund.

Studenten Thorfinn Lefsaker har forsøkt å slutte med snus fleire gonger, utan å lukkast. Han røyker ikkje lenger fast, men legg ikkje skjul på at han framleis tar ein sigarett innimellom.

– Eg kjøper aldri røyk lenger. No er det mest for sosialisering med røykarar, seier han.

Sjølv om han ikkje tenker mykje på helseskadane, trur han å slutte kunne hatt i alle fall éin fordel.

– Eg trur eg kunne gitt meir i idretten viss eg hadde slutta heilt.

LES OGSÅ: Roten fisk mot røyksug

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE