Spår tobakksslutt i 2040

Ei verd fri for tobakk og helseskadane den medfører, kan bli ein realitet innan 30 år, meiner internasjonale helseekspertar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom scenarioet skal bli til røynd, må det krevjast likevel politisk vilje og strengare tiltak mot tobakksindustrien, skriv forskarane i det anerkjente tidsskriftet The Lancet.

LES OGSÅ: Vil gjere tobakk kjedeleg

Tobakksutfasing
Tobakkssalet bør fases globalt innan 2040, meiner ekspertgruppa, som ber om at kampen mot tobakksbruk blir trappa opp kraftig.

Det er rekna ut at ein milliard menneske kjem til å døy som følgje av røyking og annan tobakksbruk i dette hundreåret – med mindre reguleringa blir stramma inn. Over 80 prosent av dødsfalla kjem til å skje i fattigare land, ifølgje helseekspertane.

– Ei verd der tobakk er ute av syne, ute av sinn og ute av mote – dog ikke forboden – er oppnåeleg innan mindre enn tre tiår. Men berre dersom regjeringar, internasjonale organ, som FN og Verdshelseorganisasjonen WHO, og sivilsamfunnet engasjerer seg, seier ein av artikkelforfattarane, Robert Beaglehole ved New Zealands University of Auckland.

I hans definisjon av ei tobakksfri verd, bruker færre enn 5 prosent av den vaksne befolkninga tobakk.

På verdsbasis døyr rundt 6 millionar menneske årleg som følgje av tobakksbruk, ifølgje WHO.

LES OGSÅ: SpU Rogaland vil forby sal av tobakk