WHO: Covid-vaksinen redda over éin million menneskeliv i Europa

Koronaviruset tok livet av over 2,5 millionar menneske i Europa og Sentral-Asia. Talet kunne ha vore mykje høgare.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Det kunngjorde Verdas helseorganisasjon (WHO) tysdag.

Ifølge organisasjonen har vaksinene redda over 1,4 millionar liv i Europa-området til WHO. Det inneber også Russland og ei rekke land i Sentral-Asia.

I regionen er det 2,5 millionar som har døydd som følge av koronaviruset. Ifølge WHO ville talet altså ha vore nærare 4 millionar utan vaksinene.

Dei fleste som vart skåna er i aldersgruppa over 60, som er dei som er mest utsette for alvorleg sjukdom og død ved koronasmitte.

– Vi har heile tida lagt vekt på viktigheita av covid-19-vaksinene, særleg for eldre og dei mest sårbare. Denne studien dokumenterer resultatet av at land implementerte det rådet. Bevisa er udiskutable, seier Hans Henri P. Kluge, leiar for Europa-regionen i WHO.

Sidan pandemien starta har dei 53 medlemslanda i regionen hatt over 277 millionar påviste smittetilfelle.

Også blant dei mellom 25 og 49 år skal vaksinen ha hatt ein viktig effekt. Utan vaksinen ville truleg dobbelt så mange i denne aldersgruppa ha døydd, konkluderer rapporten.

– Dette er krafta til vaksiner, slår doktor Kluge fast.


På TikTok er det lett å bli dratt inn i ein spiral med skadeleg innhald. Foto: Birgitte Vågnes Bakken