Ny vaksine gir håp om ei malaria-fri framtid

Verdsorganisasjonen for helse (WHO) har tilrådd ein ny malariavaksine.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

No kjem ein ny vaksine som skal førebyggje malaria hos barn, opplyser Verdsorganisasjonen for helse (WHO). Det er to år sidan den aller første malariavaksinen kom.

Generaldirektør i WHO Tedros Adhanom Ghebreyesus seier i ei pressemelding at han som malariaforskar pleidde å drøyme om den dagen ein ville ha ein trygg og effektiv vaksine mot malaria.

– Og no har vi to, konstaterer han.

Etterspurnaden etter den første malariavaksinen har vore større enn tilbodet.

– Så denne nye vaksinen er eit viktig verktøy for å beskytte fleire barn raskare, og å kome nærmare visjonen om ei malaria-fri framtid, uttalar generaldirektøren.

Malaria er ein sjukdom som blir overført til menneske ved myggbit. Ifølgje WHO døyr nesten ein halv million barn av malaria årleg i den afrikanske regionen. Det er venta at den nye vaksinen vil ha stor effekt. Saman kan dei to vaksinane bidra til at fleire hundre tusen barneliv blir spart.

Vaksinen er utvikla ved Universitetet i Oxford, og skal vere enklare og billegare å produsere, skriv NRK.