Så mykje gjeld har kommunen din

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 01:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

ABC Nyheter har samla inn tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) og KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering) for å gi ei oversikt over kva kommunar som har mest gjeld.

Me har fått bruka deira oversikt, og gir deg ein nynorskversjon av tala, i tillegg til ein oversikt over berre nynorskkommunane i landet nedst i saka – så du kan samanlikna din kommune med andre i gjeldsoversikta.

For å komma fram til tala byrjar me med langsiktig gjeld og trekk frå eksisterande pensjonsmidlar, så ein sit igjen med udekka pensjonsforpliktingar. Frå dette trekk ein frå eigne utlån til andre, og unytta lån. Då sit ein igjen med netto-gjeld for kommunen. Dette er så samanlikna med driftsinntektene til kommunen.

I denne oversikta manglar òg ni kommunar, som ikkje har sendt inn nok datagrunnlegg til SSB.

Sjekk kommunen din her!

LES OGSÅ: Meiner norsk økonomi toler presset

Lite inkasso i vest
I haust laga VG ei oversikt over korleis inkassogjelda fordelte seg i landet. Då utmerka spesielt Leikanger kommune i Sogn og Fjordane seg positivt – dei hadde fjerde minst svartelista innbyggarar i landet, og dei låg heilt øvst på oversikta over kven som hadde minst gjeld per svartelista innbyggar.

Jan Inge Fardal, redaktør i lokalavisa Sogn Avis, hadde sine teoriar om kvifor Leikanger utmerka seg i inkassooversikta.

– Dei er trauste, trygge byråkratar. Dei tek ikkje nokon risikoar, seier Fardal.

Sjølv om den låge gjelda er gledeleg, innrømmer Fardal at han nesten skulle ønska han såg Leikanger høgare oppe på lista – at det vart teke større sjansar i kommunen.

– Her er det ikkje eit særleg sprekt næringsliv. Eg ser på Sogndal, som er veldig nærme. Der har det skjedd mykje, Der er mentaliteten og folkeslaget heilt annleis.

Les heile saka her – minst gjeld i Leikanger

I denne oversikta gjer ikkje Leikanger det like godt – sjekk i modellen under!

Merk – Me har fjerna Ullensvang herad og Kviteseid kommune frå oversikta, då det synte seg at tala til kommunen ikkje stemte med tala frå SSB og KOSTRA.

Her kan du sjå ei oversikt over berre nynorskkommunane:

LES OGSÅ: Målpris til elevrådet i Odda