Vil ha hepatittvaksine for barn

Regjeringa sende måndag eit forslag om å innføre barnevaksine mot hepatitt B på høyring.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til no har berre risikogrupper blitt vaksinert mot hepatitt B, det vil seie barn av smitteførande mødrer, eller barn med foreldre frå land der det er høg førekomst av hepatittviruset.

LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt 

Mot skrumplever og leverkreft
Den nye vaksinen skal inngå i barnevaksinasjonsprogrammet, det vil seie vaksinar som blir gitt til barn frå dei er mellom seks veker gamle og til dei går ut av ungdomsskulen. Vaksinen skal beskytte mot akutt og kronisk leverbetennelse, som igjen kan føre til skrumplever og leverkreft.

– Det er ein alvorleg sjukdom, der spesielt dei minste barna risikerer å bli kronisk sjuke. Kroniske berarar er dei viktigaste smittekjeldene for hepatitt B, seier Kari Kjønaas Kjos (Frp), leiar av Stortingets helse- og omsorgskomité til Aftenposten.

Vaksinen kan bli tilgjengeleg frå og med neste år. Men innan den tid skal først alle høyringsinstansar komme med innspel.

LES OGSÅ: Forskarar åtvarar friske mot influensavaksine 

Anbodsrunde
I førre månad opplyste Folkehelseinstituttet til Dagens Medisin at det blir utlyst anbodskonkurranse for å avgjere kven som skal levere vaksinen. Det er Folkehelsa som har tilrådd regjeringa å innføre vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har sidan 1991 oppfordra medlemslanda til å innføre denne vaksinen i dei nasjonale programma. (©NPK)