Forskarar åtvarar friske mot influensavaksine

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar åtvarar mot dette

Det er brei semje om at risikogrupper bør vaksinere seg mot influensa kvart år. Dette gjeld alle som har fylt 65 år, bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar, gravide i 2. og 3. trimester og barn og vaksne med enkelte kroniske sjukdommar. 

Men forskarar åtvarar om at vaksinasjon av friske kan hindre at dei utviklar immunitet og at dei då kan bli sjukare om dei får influensa seinare. 

LES OGSÅ: Vil gi gratis kreftvaksine til fleire

Uheldig på sikt
Det er også tilrådd at helsepersonell med jamleg kontakt med pasientar vaksinerer seg, men det er nokre av forskarane ved Folkehelseinstituttet usamde i. I ein kronikk i Tidsskrift for Den norske legeforening hevdar dei slik vaksinasjon kan virke uheldig på lang sikt.

– Infeksjon kan beskytte mot seinare influensa og det kan også beskytte mot nye stammer av influensa, for eksempel ved ein pandemi. Så vi meiner at dei som vaksinerer seg utan å trenge vaksinen akkurat då, kan komme dårlegare ut seinare, seier førsteforfattar og tidlegare forskingssjef ved Folkehelseinstituttet Bjørn Haneberg.

LES OGSÅ: Fleire og fleire tek kreftvaksine

Meir til risikogrupper
I staden meiner Haneberg og medforfattarane Svenn-Erik Mamelund og Siri Mjaaland at ein bør satse på intensivert vaksinasjon av risikogruppene. For få av desse vaksinerer seg i dag.

Folkehelseinstituttet skriv i ein kommentar at dei framleis tilrår vaksinasjon av helsepersonell. Dei meiner gevinsten av å vaksinere helsepersonell er større enn ulempene, men vil gjerne ha meir forsking på området.