Einsame elevar droppar ut

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kor mange dei er kan vi ikkje seia ut frå forskinga vår. Men dei utgjer ei vesentleg gruppe, som skulen må bli meir merksame på, seier professor Per Frostad ved Pedagogisk institutt på NTNU i Trondheim til Vårt Land.

Han er saman med førsteamanuensis Per Egil Mjaavatn ansvarleg for ein ny studie som ser på kvifor ungdom ikkje fullfører vidaregåande skule.

Saman har dei studert 2.000 elevar i dei vidaregåande skulane i Sør-Trøndelag.

LES OGSÅ: Fråfall aukar risikoen for trygd

Relasjonsarbeid
Ifølgje forskarane er den sosiale opplevinga elevane har på skulen det som i sterkast grad får vidaregåandeelevar til å slutte på skulen.

Årsakane er likevel samansette og faktorar som karakterar, foreldra sitt utdanningsnivå og ein teoritung kvardag, speler òg inn.

Frostad og Mjaavatn meiner skulane må ta denne problematikken meir på alvor. Rådet deira er difor at skulane må arbeida meir med gode relasjonar både i elevgruppa, men og mellom elev og lærar. I tillegg vert skulane oppmoda til å vera meir merksame på elevar med spesielle behov.

LES OGSÅ: – Matte bestemmer fråfall i skulen

Helsesøstrer og miljøarbeidarar
Leiar i Elevorganisasjonen (EO), Benjamin Skiaker Myrstad, har sett problematikken gjennom eigen skulegong og oppmodar unge til å bry seg.

– Me må møte dette med merksemd. Me som elevar må sjå oss rundt i ungdomsflokken og finne dei som slit sosialt, vi må gjere det vi kan for å innlemme dei. Unge må bry seg, sjå dei som står utanfor, der det manglar må det skapast kultur for inkludering, seier Myrstad til Vårt Land.

Leiaren i Elevorganisasjonen trur fleire miljøarbeidarar i vidaregåande skule og betre skulehelseteneste er tiltak som kan hindra fråfall.