Digital eksamen er ikkje lenger sci-fi

Studentane bør forvente at dei kan få digital eksamen i 2015. Det er ikkje lenger science fiction, det er rett og slett den naturlege måten å gjennomføre vurderingar.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først hos Universitas.

Vi har akkurat lagt bak oss 2014. Men då studentane på UiO i fjor skulle vise kva dei hadde lært i faget sitt, måtte vi sitje i ein stor hall og skrive eksamen med penn og papir, akkurat som foreldra våre gjorde. Sannsynlegvis kunne mange av eksamensoppgåvene òg ha vore gitt for femti år sidan.

Les også: Bomma totalt på digitalt mål

Høgre utdanningsinstitusjonar burde vere spydspissar for utvikling og modernisering, men sanninga er at barnehagane mange stader er komne lenger inn i den digitale tidsalderen enn universiteta.

No har vi gått inn i 2015, og eg har håp om at dette skal bli året for eit taktskifte for fornying og digitalisering av eksamen. Det er fleire grunnar til at digital eksamen er ein god idé:

Relevans: Dagens studentar brukte PC på skulen, bruker PC i studiekvardagen og kjem til å bruke PC på jobben. Når vi skal bli vurdert må vi få bruke verktøy og arbeidsmåtar som er vante og relevante for oss.

Redigering: Dei færraste av oss rekk å kladde og reinskrive alt vi har på hjartet under eksamen, eller å skrive alt klart og korrekt på første forsøk. På data er det enklare å redigere teksten og skrive presise, forståelege svar.

Les også denne vekas ledar i Universitas: Hovmod står for fall

Ressursar: Å oppbevare og flytte rundt på eksamenspapir er tungvint og ineffektivt. Å digitalisere eksamen krev ressursar, men mykje blir spart inn når sensor kan lese eksamenssvar, setje karakter og gi grunngiving i eitt digitalt system.

Kvalitet: Teknologisk innovasjon mogleggjer pedagogisk innovasjon. Med digital eksamen kan du få andre typar oppgåver som er meir motiverande og læringsfremmande, til dømes ved bruk av video, digitale ressursar og spelelement.

Som kjent: Nytt år, nye moglegheiter. UiO har sett i gang eit prosjekt for å få digitalisert eksamen, og sett av ressursar som kan bety vesentleg framdrift alt i år. Det største hinderet er innarbeida kulturar og tankemønster; mange av førelesarane er litt for godt vane med måten ting alltid er blitt gjort på, og fattar liten interesse for ny teknologi.

Les også: Tips til eksamen

Så med mindre du er ein av dei heldige, få som alt får gjennomføre eksamen digitalt håper eg du spør førelesaren din: Kvifor ikkje? Kvifor må vi ha eksamen på papir når det er fullt mogleg å ha eksamen på data?

Studentane bør forvente at dei kan få digital eksamen i 2015. Det er ikkje lenger science fiction, det er rett og slett den naturlege måten å gjennomføre vurderingar. At studentane aktivt etterspør det kan også vere ei nødvendig drivkraft for endring.

Les også: Tenk på sex, få A på eksamen