Studiar viser at barn og unge som spelar mykje blir betre i engelsk. Det er naturleg å høyra engelske stemmer i dei internasjonale storspela, men nokre spel – til dømes FIFA, som er nesten like populært som Call of Duty – tilbyr likevel norske undertekstar og menyar.

Desse er likevel i mindretal – er dataspela ei norskfri sone?

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

– Viktigaste språkformidlar
– Klart norsk, og nynorsk, har ein plass i spel, seier speljournalist i Filmpolitiet, Rune Håkonsen.

– For det første er det berre å akseptera at spel er ein viktig læringsarena for barn og unge i dag. Då eg vaks opp lærde eg engelsk ved å sjå på seriar og filmar. Spel er den viktigaste språkformidlaren i vår tid og difor bør spel og vera med norsk. Enkelte selskap er dyktige og omset ein del i dag, men potensialet er framleis stort, utdjupar Håkonsen.

Han meiner og at norsken si rolle i spel betyr meir enn berre språklæring.

– For det andre opplever eg ofte personleg at spelforteljingar blir betre på norsk. Tilgangen på spel med nynorsk er framleis låg. Her håpar eg at framveksten av uavhengige utviklarar i Noreg vil endra på situasjonen, seier Håkonsen.

LES OGSÅ: Lærer raskare med dataspel

Skuggedokkespelar
I Hamar sit dei norske spelutviklarane i Sarepta Studio. Tidlegare i haust slapp dei spelet «Shadow Puppeteer» – eit spel utan dialog, men med menyar på fleire språk, mellom anna engelsk, og norsk – bokmål og nynorsk. Spesielt sistnemnde skil seg ut i denne samanhengen.

– Det er rett og slett ingen grunn til ikkje å omsetja til begge målformer, seier Klas Lothe, 3D-designar hos Sarepta.

– Ein inkluderer alle dei som nyttar nynorsk i målgruppa, ein gjer produktet meir eigna for til dømes biblioteka, og ikkje minst kan slike tiltak vera med på å endra haldningar til språk i samfunnet, held han fram.

Lothe er sjølv nynorskbrukar, og var den som tok initiativ for å bruka nynorsk i «Shadow Puppeteer»

LES OGSÅ: Spelar seg til betre engelsk

Shadow-Puppeteer1

«Shadow Puppeteer» er laga av norske Sarepta Studios, og handlar om ein liten gut som er på eventyr med skuggen sin. I spelet er det fleire språk – også nynorsk. Foto: Sarepta Studios.

Lettare utan tale
Lothe fortel at Sarepta først og fremst er stolte over å ha med nynorsk i spelet, i ein bransje der dette er uvanleg. Han fortel og at tilbakemeldingane har vore positive.

«Shadow Puppeteer» handlar om ein liten gut som reiser rundt med skuggen sin. For å løysa puslespel, har skuggen sjølv ei stor rolle. Spelet har ikkje dialog, og baserer seg mykje på kroppspråk i staden. Det skrivne språket gjer seg difor mest gjeldande i menyar og liknande.

– Vanskegrad og kostnadar for språk i spel er ulikt frå produksjon til produksjon, det kjem an på storleiken – om det skal vera mykje tekst, anten som dialog eller anna informasjon, om det skal vera talespråk. Sistnemnde er nok ein stor post, sidan ein må leiga inn skodespelarar til kvart enkelt språk, forklarar Lothe.

Det handlar med andre ord om pengar.

LES OGSÅ: Språkets tilstand

Pengesekken
At spelebransjen er dominert av utanlandske produksjonar, har nok mykje å seia for språkvalet. Engelsk er standarden, og det har ein smitteeffekt og på norske produsentar, trur Lothe.

– Dei fleste tenkjer nok ikkje ein gong på at dei kan omsetta til nynorsk, sjølv om det kan ha ein positiv effekt for produktet, så vel som kulturen, seier Lothe.

Men det handlar ikkje berre om nynorsken – norsken er i det heile underrepresentert i dataspel. Også blant Nintendo sine spel, som er retta mot yngre barn.

Det har Tarjei Hanken reagert på. Dataspel er ein stor del av livet for NTNU-studenten, som òg har laga nokre små spel sjølv.

– Anten det er eit historiefokusert spel med mykje tekst, eit spel der eg må tenka ut løysingar, eller eit nettspel med vennane mine, seier han.

Han har tenkt ein del på rolla til norsken i dataspel. Høyrer det eigentleg saman?

– Både ja og nei. Eg vil tru at dei fleste vaksne og ungdommar vil føretrekka spela sine på engelsk, på same måte som film. Det me sikkert kunne fått meir av er norske undertekstar og omsetting av menyane i spel.

Hanken peiker på selskap som Ubisoft og Valve, samt nokre spel frå Electronic Arts (EA) allereie gjer dette.

– Der eg trur språkkampen høyrer heime er blant spel retta mot barn. Eg har ikkje så god oversikt over korleis slike spel er no til dags, men eg meiner iallfall at dei burde vera tilgjengelege på både bokmål og nynorsk – gjerne og på samisk, seier Hanken.

LES OGSÅ: Tospråklege har fordelar

Kva med Disney?
Hanken har fleire gonger tenkt over at norsk språk verkar å vera mangelvare i spel frå Nintendo, spel som ofte blir retta mot barn.

– Det dreier seg mest om spelseriane Zelda, Pokémon og Animal Crossing der det er veldig mykje tekst samanlikna med andre Nintendo-spel. Eg har alltid meint at desse spela blir helde tilbake i Noreg og andre land der spela ikkje blir omsett, seier Hanken.

Nintendo slapp seinast i november to nye spel i Pokémon-serien – Alpha Sapphire og Omega Ruby. Spela, som er nye versjonar av spel frå 2002, selde over 3 millionar eksemplar i verda det første døgnet, blant dei beste debutane for eit Pokémon-spel nokon gong.

Rett nok er ikkje denne serien like retta mot barn lenger – tal frå Nintendo syner at spela selde best blant dei i starten av tjueåra.

– Eg trur at desse spela sel ganske bra i Noreg likevel, så det kan jo henda at dette ikkje har noko å seia, legg Hanken til.

LES OGSÅ: Noko skurrar i Osloskulen

Meir enn språket
Men ville meir norsk i dataspel gjort at fleire kunne språket betre? Med tanke på kor mykje tid som blir bruk på dataspel, kan mykje tyda på det.

Ifølgje Medietilsynet sin rapport om barn og media for 2014 seier 44 prosent av barn mellom 12 og 14 år at dei speler dataspel i ein eller anna form fleire gonger om dagen, og 37 prosent av dei mellom 9 og 11 år seier det same.

– Eg meiner dataspel kan lære ulike ting, og språk er ein av dei. Eg trur til dømes at all spelinga mi som liten gjorde at eg fekk eit godt forsprang, seier Tarjei Hanken.

Det same trur speljournalist Rune Håkonsen

– Openbart! Kvifor trur du at så mange nordmenn er flinke i engelsk? Det er ikkje berre fordi me har eit godt skuleverk, men og at me har vakse opp med engelsk språk rundt oss på TV og i film. Å bruka spel som læringsressurs er framleis ein heilt ny tanke for mange, men det er samstundes viktig å ikkje berre sjå på spel som språkformidlar. Nokre skular i Noreg eksperimenterer med alternative måtar å bruka spel til å lære kjeldekritikk, etikk, historie og samarbeid, seier Håkonsen.

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?

Å satsa heime
Håkonsen trur det alltid vil vera ein viss kynisme bak valet av kva språk som er med i eit spel.

– Vil inntekta mi auka meir enn det kostar å omsetja spelet? Me kan sei at Nintendo bør prioritera omsetjingar, men i realiteten er det to ting me bør gjera. Det eine er å satsa på eit sterkare norsk spelutviklingsmiljø, som brukar norsk for å fortelja historiene sine,  og på den måten gjera språk til ein suksessfaktor. Det andre er å legga til rette for at utanlandske selskap kan omsetja spela sine slik at dei tek den kyniske marknadsvurderinga og finn ut at det lønnar seg, seier speljournalisten.

– Kanskje Kulturdepartementet bør vurdera ein insentivordning for å auka tilgangen på spel med norsk, avsluttar Håkonsen.

LES OGSÅ: Ekspertar vil ha realfag inn i barnehagen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE