Krev auke i lærlingtilskotet

Fire av ti lærlingar ikkje får lærlingplass. Elevorganisasjonen og NHO krev auke i lærlingtilskotet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa lanserte i fjor Lærlingløftet, for å stimulera fleire bedrifter til å ta inn lærlingar. Talet på lærlingkontraktar inngått før 1. oktober i år har auka noko samanlikna med same periode i fjor, men framleis står mange utan kontrakt.

LES OGSÅ: Løft for lærlingar

Viktig auke
Politisk nestleiar i Elevorganisasjonen Kristoffer Hanssen meiner eit viktig og veldig aktuelt tiltak for å auka respekten for yrkesfag er å sikra fleire lærlingplassar.

– Me i Elevorganisasjonen har gjeve klar beskjed om at det viktig å auka lærlingtilskotet. I dag er det slik at fire av ti som søkjer på lærlingplass ikkje får det, seier Hanssen til Framtida.no.

Ved inngangen av 2014 innførte regjeringa eit eingongstilskot på 50.000 for bedrifter som teiknar lærekontrakt for fyrste gong.

Per i dag er lærlingtilskotet på oppunder 120 000 kroner per lærling for eitt år med fulltidsopplæring. Lærlingar som følgjer særskilte løp eller vert lært opp i verneverdige fag får meir tilskot, medan tilskotet er mindre for lærlingar over 21 år som har brukt opp opplæringsretten.

Ifølgje Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) er det 25.000 kroner dyrare å ha ein elev på skulen, enn det lærebedriftene får i tilskot.

LES OGSÅ: – Stolt over å vera automatikar

Stor skuffelse
I ein video lagt ut på NHO sine nettsider uttrykker Edel Teige, leiar i NHOs forum for mindre bedrifter, stor misnøye med at regjeringa ikkje har foreslått å auka lærlingstilskotet i statsbudsjettet for 2015.

– Det er ein stor skuffelse for oss lærebedrifter, som hadde forventa for oss at regjeringa hadde sett viktigheita av dette, seier Teige til NHOs reporter.

Ho meiner at eit større tilskot kunne gjort det lettare for bedriftene å ta inn fleire lærlingar, i motsetning til dagens situasjon då bedriftene reduserer fordi det er blitt for dyrt.

– Det skal sytast for at bedriftene har ein god økonomi for å gje den opplæringa dei unge fortener, understrekar Teige.