Faktaboks

Faktaboks:

Forskingskampanjen i år går ut på å kartlegga språk- og dialektbruken blant unge i Noreg.

Bente Ailin Svendsen, språkforskar ved UiO, leiar kampanjen – og forskarteamet består av elevar frå heile landet.

Ein forskingsrapport kjem ut over nyttår, og lærarar kan melda på sine klassar fram til 15. november for å vera med i den. Men registreringa av språkbruken vil halda fram i fleire år til.

Til no har Bente Ailin Svendsen mellom anna registrert lånord frå mange ulike språk som kjem inn i norsken. Her er nokre av dei:

YOLO: You Only Live Once

Lol: Laughing out loud

Swag: Å ha stil

Wtf: What the fuck

Omg: Oh My God

Kawaii: Søt (frå japansk)

Hola: Hei, hallo (frå spansk)

Wallah: Å sverga (frå arabisk)

Habibi: Ven (frå arabisk)

LES FAKTALUKK FAKTA

– I fleire andre land har ein undersøkingar i stor skala om kva språk og dialekter som er i bruk, men det har me ikkje i Noreg, seier Bente Ailin Svendsen, språkforskar ved Universitetet i Oslo og leiar for årets forskingskampanje.

Difor jobbar ho saman med fleire tusen forskarar over heile landet for å kartlegga korleis unge eigentleg snakkar.

Fleire tusen forskarar høyrdes litt voldsomt ut. Men her er dei unge sjølv med på arbeidet.

LES OGSÅ: Gis bort: Vitskapleg kunnskap

Forskardugnaden
For her er det ikkje Svendsen som sjølv går frå skule til skule og noterer kva ord som dukkar opp (slik ein annan kar gjorde ein gong i tida). Her er det elevane sjølv som sender inn bidrag, som blir brukt som forskingsdata i prosjektet.

– Det er ikkje leikeforsking, skyt Svendsen inn. I tillegg til å sjå på kva språk og dialektar elevane kan og brukar, ser dei på korleis norsk språk utviklar seg.

– Til dømes kva ord som er populære blant barn og unge i dag, kvar det kjem frå, og kva haldningar det er til engelsk i norske, utdjupar Svendsen. Elevane sender inn kva trinn dei går på, kvar i landet dei bur og kva språk dei snakkar, samt eit lite utval av ord dei trur vaksne ikkje kan.

Resultata kjem fortløpande her, og der kan lærarar melda på klassane sine. Frista for å vera ein del av sjølve prosjektet går ut 15. november, men Svendsen fortel at du kan registrera data i fleire år framover.

Alle norske skuleelevar er inviterte, og til no har over 3600 bidrag tikka inn. Svendsen håpar på fleire før sjølve forskingsrapporten kjem ut rundt nyttår.

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål

Omg, lol, wtf
Svendsen forklarar at veldig mange av dei som har bidrege til forskinga er positive til engelsk. Det synest og ved å bla raskt gjennom lista over bidrag, som du kan sjå her.

Det er mange engelske ord som dominerer – med kanskje ei spesiell overvekt av yolo, omg, wtf, lol og så bortetter. Internett-språket, rett og slett.

– Det er spanande å sjå kva språk barn og unge låner frå, og korleis Internett og sosiale media er med på å spreia andre ord enn før i tida. Det spreier seg og mykje fortare på sosiale media, der alle kan vera med, seier Svendsen.

LES OGSÅ: Nynorsk som fullverdig dataspråk

Ingen engelsk-skrekk
Frykten for at norsken skal forsvinna fullstendig har vore tilstades lenge – ei snikande kjensle av å vera mindreverdig i møte med den dominerande engelsken som snik seg inn over grensene og fordervar ungdommane.

Men slapp av – det er ikkje noko nytt. Ikkje er det farleg heller.

– Norsken er ikkje truga. Bokmålet er og eit "blandingsspråk", basert på mellom anna dansk, tysk og ulike dialektar. Dessutan har me mange lånord frå før, mellom anna frå engelsk, fransk og arabisk, forklarar Svendsen.

Men at engelsken har ei større rolle i språket enn før, seier ingen imot.

– På nokre område går me over til engelsk, til dømes i deler av næringslivet og høgare utdanning. Det er færre og færre doktoravhandlingar på norsk, til dømes.

LES OGSÅ: Skjønar ikkje teknospråket

Wallah, bror
– Me gler oss til å sjå resultata, men allereie no syner det seg at meir enn halvparten av elevane brukar meir enn eitt språk eller ei dialekt dagleg. Av dei 3500 som har svart, har dei oppgitt heile 42 ulike språk, og 71 prosent av elevane ønskjer å læra fleire språk, seier Svendsen. Av dei 71 prosenta vil litt over halvparten læra språk fordi det er gøy, legg ho til.

Ho trekk fram klassikarane spansk, fransk, tysk og engelsk som populære språk blant dei unge, og legg til mellom anna kinesisk, italiensk og spansk som andre yndlingar.

Breidden i språkvariasjonen syner seg og i kva ord og slang som går igjen.

– Elevane sine favorittord og slagord er mange. YOLO, swag og lol er dei vanlegaste, men og kawaii frå japansk, hola frå spansk, samt wallah og habibi frå arabisk. Det språklege mangfaldet i Noreg er med andre ord stort, seier Svendsen.

Lurer du på kva desse orda betyr? Sjekk faktaboksen!

LES OGSÅ: Eit forsvar for feilskriving

"Sjino"
Korleis utviklar språk seg eigentleg? Nyleg kom eg sjølv i krangel med ein kamerat over at han ikkje uttalte den utryddingstruga "kj"-lyden rett. Eg fekk kasta tilbake eit solid argument om at det er slik språket utviklar seg – og difor er det ikkje vits i å ta "kj"-lyden i forsvar.

Ifølgje Bente Ailin Svendsen hadde min kamerat rett – delvis.

– Me reknar med at det er to grunnar til språkendringar. Den eine er språksystemet som sjølv triggar ei endring, og det andre er at menneskjer kjem i kontakt med kvarandre, startar Svendsen.

– Nokre lydar er vanlegare enn andre – til dømes er kj-lyden i kyrkje og kino mykje sjeldnare enn sj-lyden, og då triggar språksystemet ei overgang til sj-lyden. Samstundes seier tannlegen min at han byrjar å telja IQ-poeng når han høyrer folk seia "sjino" – då vil det sosiale vera med på å halda den utviklinga tilbake, held ho fram.

LES OGSÅ: Lost in translation

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

ANNONSE