Vil ha strengare norsk-krav

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No ønskjer dei fem helsefagutdanningane ved Universitetet i Oslo (UiO) at studentane skal ha minst karakteren 4 i norskfaget frå vidaregåande for å studera.

– Ein stor del av studentane på farmasi og dei andre helsefagutdanningane meistrar norskfaget så dårleg at me meiner det på sikt kan skapa fare for pasienttryggleiken, seier Solveig Kristenen, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet (MN).

LES OGSÅ: Eit forsvar for feilskriving

– Dårleg kommunikasjon
Kristensen sitt fakultet har ansvaret for farmasiutdanninga. Dei andre faga som ønskjer strengare norskkrav er profesjonsstudiet i medisin, bachelorstudiet i tannpleie og dei femårige masterutdanningane i klinisk ernæring og odontologi.

Kristensen fortel at fagansvarlege har gitt klare tilbakemeldingar om at mange av studentane skriv så dårleg norsk at det går ut over kommunikasjonen, både med andre studentar og pasientar.

– Det går og ut over skriftlege innleveringar og eksamen, seier Kristensen.

Dei nye krava vil innførast i ein prøveperiode på tre år, om fakulteta får det som dei vil.

LES OGSÅ: – Ville slå eit slag for nynorsken

Strengare mattekrav
Det er regjeringa som har opna for slike prøveordningar. Tidlegare har høgskular og universitet måtta samordna endringar i karakterkrav.

No ønskjer regjeringa å gjera det lettare for utdanningsinstitusjonane å prøva ut eigne opptakskrav i prøveprosjekt.

MN vil og nytta sjansen til å testa ut strengare krav for matematikkstudentane. Medan studentane i dag må ha gjennomført faget «Matematikk R1», vil dei i prøveperioden og ha krav om bestått i «Matematikk R2».

– Det er eit problem at for mange av studentane kan for lite når dei startar. I dag krev me R1, men studiet byggjer på kunnskap frå R2. Då er det ærlegare mot studentane om kravet blir heva, seier Kristensen.

LES OGSÅ: Vil ha halve pensum på nynorsk

Frå 2018
Fakultetet har gjort undersøkinga som syner at studentar som har R2 frå vidaregåande skule klarar seg mykje betre på studiet. Kristensen meiner endring av opptakskrav heilt klart vil heva andelen som klarar å fullføra studiet.

Det har og blitt diskutert om ulike studieprogram skulle setja minimumskrav til karakterar i faga dei krever, slik sivilingeniørstudiet på NTNU har. Forslaget vart nedstemt.

– Det er studentane sine prestasjonar hos oss, ikkje tidlegare karakterar som betyr noko, så lenge dei kjem inn på vanleg konkurransegrunnlag, seier Kristensen.

LES OGSÅ: Oslo Arbeiderparti og det pubertale nynorskhatet

Likare føresetnader
Studie- og læringsmiljøansvarleg Runar Bjørkvik Mæland ved Studentparlamentet ved UiO støttar bruk av spesielle krav.

– Det vil sikra at studentane har likare føresetnader når deis tartar på studiet. Det er og bra at kunnskap som er relevant for studiet, betyr meir, og at det ikkje berre er totalsnitt og tilleggspoeng som skal telja, seier han.

Mæland meiner likevel det kan bli rotete å orientera seg om mange studie får ulike spesielle opptakskrav.

– Difor har me sett som krav at informasjonen må vera tydeleg, seier han.

Fakulteta ønskjer å starta det treårige prøveprosjektet i 2018, slik at elevane ved dei vidaregåande skulane er kjend med krava god tid på førehand.

UiO sitt styre tek stilling til om prøveprosjekta skal gjennomførast neste veke.