Oslo Arbeiderparti og det pubertale nynorskhatet

Øystein A. Vangsnes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Pubertalt nynorskhat

Denne dagen, fredag 29. august 2014, byrja for min del med nyheiten om at Oslo Arbeiderparti i førebuinga til kommunevalkampen neste år vil fjerna sidemålskarakteren. VG publiserte eit intervju med Libe Rieber-Mohn som fortel at programkomitéen ho har leia, har lagt fram eit programutkast mot kommunevalet 2015 der dei ønskjer å fjerna eigen sidemålskarakter. Som grunngiving seier ho at «[d]et er et faktum at mange elever ser på nynorskopplæringen som en unødvendig plage». Med dette legg Oslo Ap seg på ei linje som liknar det vi er vande med å høyra frå Høgre og Framstegspartiet – og kanskje særleg ungdomspartia deira. Begge dei partia ønskjer å gjera sidemål valfritt i skulen, og dei ønskjer også å avvikla Mållova.

Som valtaktisk grep er nok dette smart frå Oslo Ap si side, for nynorskens popularitet i hovudstaden er ikkje overveldande, og dei vil heilt sikkert kunna kapra veljarar på dette, kanskje særleg unge veljarar. Og då har vi i alle fall identifisert kva dette er: Eit populistisk og valtaktisk utspel.

LES OGSÅ: Sterke reaksjonar på sidemålsforslaget

Men er det kunnskapsbasert? Det spelar neppe nokon rolle for Oslo Ap, men det er jo interessant at utspelet går mot den nye læreplanen for norskfaget som den raudgrøne stoltenbergregjeringa la fram i juni i fjor etter halvtanna år med intense fag- og kulturpolitiske dragkampar. I den nye planen vart eigen sidemålskarakter ståande og det vart elles innført lærings- og haldningsfremjande tiltak slik som til dømes tidlegare start med sidemål. Eit år seinare spelar altså Oslo Ap opp til omkamp om noko som moderpartiet stilte seg bak eitt år tidlegare.

Framlegget frå Oslo Ap er ikkje kunnskapsbasert. Det tek snarare utgangspunkt i det pubertale nynorskhatet. Sidan i fjor har eg gitt ut ei bok om språkleg (in)toleranse, og i høve denne saka vil eg no gjerne dela eitt av kapitla frå boka som tek utgangspunkt i den strie straumen av pubertale mishagsytringar mot nynorsk. Teksten peiker på kva for rolle nynorsk som sidemål har i norskfaget med moment som er velkjende for mange, men neppe for dei fleste, og truleg i liten grad hjå programplanleggjarane i Oslo Arbeiderparti.

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

 

«Nynorsk er noe dritt! Hvor ligger egentlig nynorge??»

Kapittel i boka Språkleg toleranse i Noreg: Norge, for faen!, utgitt på Det norske Samlaget i 2013 (ISBN: 9788252183825).

Overskrifta er ei ytring på Twitter lagd ut 29. mai 2013 av brukaren @VictorJonassen.

Kva kunne vi ha svart? Jau, vi kunne ha svart at nynorsk er administrasjonsspråk i kommunar som til saman, på grovt augemål, dekkjer om lag ein fjerdedel av landarealet i Noreg. Dei fleste ligg på Vestlandet og i indre, vestlege delar av Aust- og Sørlandet. Om lag eit like stort område av landet er dekt av språknøytrale kommunar, det vil seia kommunar der både nynorsk og bokmål er tillatne i forvaltninga. Resten er bokmålskommunar.

Alle kommunane i Sogn og Fjordane har nynorsk som administrasjonsspråk, og ingen kommunar i Hordaland har bokmål som einaste administrasjonsspråk, ikkje eingong Bergen. I Sogn og Fjordane har nesten alle elevar i grunnskulen nynorsk som opplæringsmål (97,4 %), og nynorsk er samfunnsberande på alle nivå for dei drygt 108 000 innbyggjarane i fylket.

I og med at ingen større byar har nynorsk som einaste administrasjonsspråk, utgjer ikkje det samla folketalet i nynorskkommunane ein fjerdedel av folkesetnaden i landet, men ein har rekna ut at 600 000–700 000 nolevande nordmenn har eller har hatt nynorsk som førstespråk i skulen, altså 12–14 % av heile befolkninga.

Twitter lyg ikkje!

@VictorJonassen var truleg ikkje ute etter noko svar på kor «Nynorge» er. Han ville nok først og fremst slengja drit om nynorsk og uttrykka at han tykkjer det er eit språk som har lite føre seg. Slik som så mange andre norske ungdommar utanfor nynorskens kjerneområde. Her følgjer eit knippe med kvitringar, samla inn heller usystematisk ved eit par høve våren 2013 – fellesnemnaren er omtrent «Hva er poenget med (å lære) nynorsk? Vi trenger det ikke!».

Kan vi slutte å skrive oppgaver på nynorsk eller hallo jeg kommer aldri til å få bruk for det noen gang i hele mitt liv serr det er stygt @denrompa (07.02.2013)

Skjønner ikke hvorfor vi har nynorsk. Hva skal jeg med det i fremtiden? HÆ HÆ @CecilieLinnbraa (13.02.2013)

Hva er vitsen med at jeg skal lære nynorsk, når jeg ikke kommer til å få bruk for det ? @idaaall

ka e egentlig poenget med nynorsk på skolen? får aldri bruk for det lell @alstaad (18.06.2012)

Jeg kommer faen meg aldri til å få bruk for nynorsk! @Hammyboyy (13.02.2013)

Hva faen skal vi med nynorsk, hva er vitsen og gjøre tiltak i timene for og lære det når det er fullstendig ubrukelig? @MinaHeggedal (17.02.2013)

Det at vi har nynorsk på skolen, skjønner jeg ikke @Jennyborgen98 (13.02.2013)

skjønner ikke poenget med nynorsk @kaebbe (13.02.2013)

Lekser er en sånn liten dritt!! Skjønner ikje meninga med å lære nynorsk… 🙁 @99Ninasweet (12.02.2013)

Hva faen er poenget med å ha nynorsk?!? @sara_boe

LES OGSÅ: Må klaga for å få nynorskbøker

Det går knapt ein dag utan at det kjem ei eller fleire slike negative ytringar om nynorsk på Twitter. Dei fleste som ytrar seg, er etter alt å dømma nettopp tenåringar som no har møtt og arbeider med nynorsk som sidemål på skulen. Jentene er i klart fleirtal.

Ein finn sjølvsagt negative, oppgitte ytringar også om andre emne i skulen slik som matte, ulike språkfag og anna. Ungdommar har ein tendens til å klaga over ting dei strevar med eller gruar seg for. Men det er ikkje det same omfanget av klaging på til dømes matte. Det er ikkje med same intensitet, og det ligg sjeldan noka påpeiking av kor irrelevant faget er.

LES OGSÅ: – Bruk engelsk i norsktimen

Kvifor så mykje klaging og kyting?

Når ein observerer dette, melder det seg nokre spørsmål. Kvifor er det slik? Kvifor er det legitimt å slengja drit om nynorsk? Kvifor gir så mange uttrykk for at dei ikkje ser relevansen av at nynorsk har ein plass i norskfaget? Blir dei ikkje forklarte kvifor? Og om dei no verkeleg har norsklærarar som passar på å forklara dei dette, kvifor sig det då ikkje inn? Korleis kan det ha seg at det dukkar opp ytringar som dette?

Hva skal vi med nynorsk når alle forstår vanlig norsk?! @KarlJonasT (11.02.2013)

Skjønner ikke poenget med nynorsk. Klarer meg bra med vanlig norsk @Krissiskolissi (27.05.2013)

Det er sjølvsagt sannsynleg at mange av ungdommane som ikkje ser relevansen av nynorsk, aldri kjem til å busetja seg på Vestlandet eller i indre delar av Aust- og Sørlandet. Men somme av dei kjem nok til å gjera nettopp det i kortare eller lengre periodar. Atter andre kjem høgst sannsynleg til å ha samkvem med institusjonar, verksemder og einskildpersonar i nynorskområde når dei seinare går inn i arbeids- og organisasjonsliv.

Og når vi har slege fast dette: Kva kjem desse ungdommane som meiner dei ikkje har bruk for nynorsk, til å gjera den dagen dei flyttar til ein nynorskkommune og kanskje tek seg arbeid ein stad der nynorsk er det vanlege – eller jamvel påkravde – arbeidsspråket? Skal dei då krevja å få bruka bokmål? Eller er det dei skal læra seg nynorsk, altså når behovet plutseleg oppstår?

Motviljen

Og kva med dei som kjem til å ha omgang med nynorskbrukande einingar og personar i arbeids- og organisasjonsliv? Skal dei krevja at nynorskbrukarane må bruka bokmål i omgang med dei? Det siste spørsmålet kan verka usakleg og irrelevant. Bokmål og nynorsk er seg imellom forståelege språkformer, og opplæring i nynorsk er då ikkje naudsynt, for ein kan jo skjøna det sjølv om ein ikkje sjølv brukar det. Denne tankegangen ligg under dei programfesta vedtaka til Høgre og Framstegspartiet om å avskaffa kravet i Mållova om at offentlege etatar har plikt til å svara på same målform som dei mottek korrespondanse på.

Men ytringar i det same ungdommelege Twitter-universet fortel oss at synet på innbyrdes forståelegheit mellom bokmål og nynorsk er eit heilt anna.

Eg skjønnar ikkje nynorsk. Noreg klarar seg med eit språ[k] @InfernalRounds

Jeg er av den tro at nynorsk kommer til å bli bokmål en dag. Det er fint for meg, for eg skjønnar ikkje nynorsk… @MarieSjoblom

De kan ikke forvente at vi skal kunne noe til en prøve, hvis kapittlet står på nynorsk!! @AnetteGaas

Hvor ufint er det ikke at alle vedleggene på norsk eksamen er skrevet på NYnorsk? Skjønner ikke en dritt @filipamadeus (28.05.13)

Lærer deler ut ark på nynorsk. Elever: "HÆÆ, jeg skjønner ingen ting! Hva betyr "Tyder"? HJELP. Dette er ikke norsk, jeg nekter!" @NeneeArt (03.09.12)

LES OGSÅ: – Greitt å skriva dårleg nynorsk

Den sosialt aksepterte dritslenginga

Perspektivet til ungdommane er snevert. Dei har ikkje noka forståing av at Noreg er større enn deira eigne vesle univers. Men det er ikkje berre deira eigen feil. Også mange vaksne manglar det perspektivet at Noreg er eit stort og mangfaldig land. Også vaksne norsktalande nordmenn kan finna på å påstå at dei ikkje skjønar nynorsk. I ein kronikk i Verdens Gang i mars 2012 fortel Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftingstilsynet, at tilsynet ein gong mottok eit brev frå ein lokal Lions-klubb som hadde gjort eit styrevedtak på at dei ikkje kunne forhalda seg til rundskriv på nynorsk.

Kor reelt det er at norskspråklege nordmenn ikkje skjønar nynorsk, kan diskuterast. Det viktigaste i denne samanhengen er at det illustrerer ein sterk motvilje mot nynorsk. Den same motviljen kjem til uttrykk når ein høyrer personar seia at dei ikkje les tekstar om dei står på nynorsk. Eg har sjølv ved ulike høve blitt oppmoda om å heller skriva innlegg og liknande på bokmål slik at eg når fleire lesarar.

I den nemnde VG-kronikken til Atle Hamar hevda han at nynorskbrukarar er ei gruppe her i landet som det er legitimt å diskriminera. Han har rett. Det er sosialt akseptert i store delar av befolkninga å slengja drit om nynorsk. Det har det alltid vore, og kanskje har det vore endå verre før, men dette er under alle omstende ei viktig forklaring på at norske ungdommar kjem med så mange mishagsytringar om nynorsk. Dersom det ikkje hadde vore sosialt akseptert blant vaksne, hadde vi sett mindre av det.

Det instrumentelle aspektet og meininga med læring

Nynorsk er lett å læra for personar med norsk som morsmål. Det er vanskeleg å argumentera mot dette. Bokmål og nynorsk følgjer dei same ortografiske prinsippa, og sjølv om det er skilnader i bøyingssystem og ordtilfang (vokabular) og i viss mon i setningsbygning, er det ikkje noko anna skriftspråk som ligg nærmare bokmål enn nynorsk. Jamvel dansk er i våre dagar fjernare sjølv om bokmål har utvikla seg derifrå.

Når nordnorske politikarar som Helga Pedersen (Ap) og andre meiner at nordnorske elevar bør få velja å læra samisk i staden for nynorsk, kan ein undra seg over om dei har reflektert over kor mykje samisk det er mogleg å læra på den beskjedne tida som elles blir brukt til nynorsk innanfor ramma av norskfaget. (Eg er absolutt for at norske ungdommar skal kunna læra samisk, men at det skal skje på kostnad av nynorsk, er ei kortslutning.)

Og når ein høyrer alle ytringane om at nynorsk er noko dei færraste norske ungdommar kjem til å få bruk for seinare i livet, er det grunn til å spørja: Har dei ilt av å læra det? Tek dei skade av å få opplæring i to nærskylde skriftspråksvariantar?

Ulike skriftspråkstradisjonar

Ingenting tyder på det. Snarare er det tvert imot. Bokmål og nynorsk står for ulike skriftspråklege tradisjonar der bokmålet har utvikla seg frå eit formelt, elitistisk bokspråk, medan nynorsken i større grad har lagt seg opp mot det munnlege språket til folk flest.

Dette er sjølvsagt ei forenkling, men fleire – også bokmålsbrukarar – har teke til orde for at trening i nynorsk gir eit betre og klarare språk – også når ein skriv bokmål. Eit nyleg døme på dette har jussprofessor Johan Giertsen ved Universitetet i Bergen stått for. Giertsen er sjølv bokmålsbrukar, og i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende i februar 2013 gjorde han greie for at bokmålsbrukande juristar har mykje å læra av korleis nynorske juridiske tekstar vert utforma. Det nynorske juridiske språket er enklare og klarare og dermed meir forståeleg for mottakarane.

Eit anna døme finn vi i eit internt notat til NAV-tilsette frå mars 2013. Det er frå direktøren, Joakim Lystad. Lystad, som voks opp på Bislett i Oslo, fortel at gymnaslæraren hans inspirerte han til å tenkja på nynorsk også når han skreiv bokmål, slik at språket vart enklare og meir lettfatteleg. I tråd med dette trekkjer direktøren i notatet fram at den nynorske språkføringa kan bidra til klarare språk, noko som kjem NAV-brukarane til gode ved at dei betre skjønar rettane og pliktene sine.

Variert trening

Og for å sjå dette i lys av til dømes idrettslege ferdigheiter: Om du skal bli ein god alpinist, treng du òg grunntrening utan ski. Og det er heller inga ulempe å trena på å køyra på berre ei ski. Det styrkjer balansen, og sjølv om du aldri kjem til å starta i ein konkurranse med berre ei ski, har kroppen din gjort erfaringar som kjem godt med om du i eit renn kjem ut av balanse eller mistar den eine skia to portar frå mål – slik Kjetil André Aamodt gjorde det i eit medaljeløp i VM i Vail i 1998.

Slik er det med mykje ein trenar på i skulen og slik er det med nynorsken også: Sjølv om du ikkje nødvendigvis kjem til å bruka nynorsken seinare i livet – som skribent og tekstprodusent – kan den treninga med nynorsk du gjekk gjennom, gi deg betre og klarare språk også når du skriv bokmål.

Nynorsk er difor slett ikkje noko drit. Nynorsk er gull! Også for bokmålsbrukarar!

LES INTERVJU MED ØYSTEIN A. VANGSNES HER!