Nynorskrørsla krev 10,5 millionar ekstra i statsbudsjettet
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forumet meiner summen bør fordelast slik: 1,8 millionar til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), 4 millionar til digitalisering og vidare drift til Norsk Ordbok, 2,5 millionar til Det Norske Teatret og 2,2 millionar til Nynorsk avissenter i Førde.
LES OGSÅ: – Regjeringa utraderer nynorsk
Har aldri vore lågare
I grunngjevinga peikar Nynorsk Forum mellom anna på at løyvingane til nasjonale og regionale nynorsktiltak dei siste fjorten åra aldri har vore lågare i prosent av det samla kulturbudsjettet. Med nynorskindeksen i 2000 var 3,4 prosent, har indeksen for 2015 falle til 2,6 prosent.
– Løyvinga til nynorsktiltak måtte ha vore 70 millionar kroner høgare i 2015 for å vera på nivå med 2010, skriv forumet. Nynorskindeksen var då 3,2 prosent.
LES OGSÅ: – Åtak på nynorske barn og unge
Kuttet i pressestøtta
Nynorsk Forum meiner i tillegg at framlegget om kutt i pressestøtta må trekkjast tilbake slik løyvinga aukar med 50 millionar kroner.
– Dette vil mellom anna styrkja ei rekkje av dei avisene som fremjar språkleg jamstilling ved å bruka nynorsk på riksdekkjande nivå, heiter det.
LES OGSÅ: – Dialekten får ingen ta frå meg