– Dialekten får ingen ta frå meg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho kom til Noreg som 5-åring og reknar Øystese som heime.

Når leiar for NRK Nynorsk Mediesenter Magni Øvrebotten skryt av at dei har ein fleirkulturell nynorskpraktikant frå Libanon og Øystese, med mor frå Libanon og far frå Syria, så spør Hibba Sarmadawy: «kva er spesielt med det?»

Krig
Hibba Sarmadawy flytta til Øystese med foreldra då ho var sju år. Tolv år seinare, då ho var ferdig på Øystese Gymnas, hadde ho bestemt seg for å studera psykologi for å bli psykolog. Sommaren etter russetida, i 2006, drog ho for første gong heilt åleine til Libanon – landet ho budde i til ho var fem år. Dagen etter ho kom braut krigen mellom Israel og Hisbollah ut.

– Det gjorde at eg blei veldig interessert i politikk.

Hibba byrja å studera samanliknande politikk og arabisk og Midt-Austenhistorie ved Universitetet i Bergen. Seinare flytta ho til Kairo for å studera sosiale og politiske landsskap.

Etter Kairo flytta ho til Oslo og byrja å studera sosiologi. Men i staden for å ta master fekk ho seg jobb hos Fafo som forskingsassistent og prosjektkoordinator.

– Eg har jobba ved sidene studiane heile tida.  I jobben ved Fafo fann eg ut at det var veldig kjekt å intervjua og vera i kontakt med folk, fortel ho. Tanken om å bli journalist byrja å modna seg, men ho var lite lysten på å gå tre år på journalistikkstudiet i Oslo.

– Heldigvis kom eg inn på Nynorsk mediesenter.

LES OGSÅ: Avslører søkjarar på Facebook

Konfliktløysing
– Det har vore kjempefint, så langt, seier 27-åringen.

– Kva er det du lærer?

– Kva er det eg ikkje lærer? Det er mykje – om alt frå foto- og videojournalistikk til intervjuteknikk. Me er innom det meste innan journalistikken.

Etter eit halvt år ved NRK Nynorsk Mediesenter i Førde skal ho i praksis over nyttår.

– Eg føler det er dette eg vil driva med. Eg skulle gjort det for lenge sidan, seier Hibba.

– Kva er draumejobben innan journalistikken?

– Det er litt tidleg å seia, men vil jobba med nyhende, både innan- og utanriks.

– Kva er det som engasjerer deg?

– Det er alt som har med menneske å gjera og som skil seg ut. Eg er ofte nysgjerrig på konfliktar og korleis ein kan løysa konfliktar som skuldast politiske og sosiale forhold.

– Har du eit forbilde?

– Nei, eg har vel ikkje det. Men blant nynorske journalistar, så må eg seia at Ingunn Solheim er eit forbilde. Ho bruker nynorsken på ein fin måte som gjer ho lett forstått, seier Hibba Sarmadawy.

LES OGSÅ: – Lett å ta skylappar på

– Foreldra mine har lært meg eit språk – arabisk – som er gull verdt, seier Hibba Sarmadawy.

Hardingen
– Kvar ligg identiteten din?

– Det er eit litt vanskeleg spørsmål. Øystese vil utan tvil alltid vera heime for meg. Men eg veit sjølv at eg ikkje er etnisk norsk. Eg blir ofte minna på at eg ikkje er norsk, og så er eg veldig knytt til Libanon. Når det gjeld etnisitet, så er det eit anten-eller.

Dét likar ho ikkje så godt.

– Eg er ein harding med bakgrunn frå Libanon.

Hibba seier ho skjønar kvifor folk er nyfikne på det – særleg når ho har ei dialekt som ikkje alle kjenner igjen. Men etter fleire år i Oslo er ho overraska over at mange minoritetsspråklege skjønar at ho er frå Vestlandet. Då er det verre med mange nordmenn som gissar Haugesund, Stavanger eller Bergen.

– Er det ein fordel å ha familie og bakgrunn frå Midtausten?

– Ja, det er det. Veldig stor fordel. Først og fremst språket. Foreldra mine har lært meg eit språk – arabisk – som er gull verdt. Kulturforståinga har òg hjelpt meg kjempemasse gjennom studietida. Bakgrunnen har òg gjort meg meir tilpassingsdyktig i sosiale samanhengar. Eg glir lettare inn blant arabarar og folk frå Levanten. Det er ein kjempefordel, seier ho.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Kjenner seg trygg igjen
På skulen i Øystese lærte ho nynorsk som alle dei andre i klassen. Då ho kom til Bergen møtte ho motstand frå fleire medstudentar.

– Då eg skreiv oppgåver på nynorsk fekk eg høyra medstudentar som klaga.

– Dei klaga på at dei måtte bruka tid på å omsetja – og nokre sa at dei ikkje forstod nynorsk.

Etter å ha budd i Oslo i fleire år kjente ho seg meir utrygg på nynorsken. Etter nokre månader i Førde har dette endra seg.

– No føler eg meg trygg på nynorsken igjen – og er veldig glad for det.

Til andre som vil halda på nynorsken vil ho tilrå å lesa skjønnlitteratur på nynorsk.

– Eg har vore veldig streng med meg sjølv. Dialekten skal eg halda på uansett.

I Bergen fekk ho høyra at ho hadde striledialekt og at ho snakka stygt. Då ho jobba på Universitetsbiblioteket i Oslo var det ein mann som nekta å snakka norsk til henne, så lenge ho snakka harding.  Han ville heller snakka engelsk. Men Hibba Sarmadawy ville ikkje skifta frå hardangerdialekten.

– Det er ein del av identiteten min. Dette er meg – det eg seier og snakkar.

QUIZ: Kva veit du om Midtausten?