Dette er studentane sitt statsbudsjett

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag formiddag la Siv Jensen (FrP) fram sitt første forslag til statsbudsjett. Med varsling om meir oljepengar, men strengare innstramming, såg studentane mot Stortinget med spenning.

Trass i innstrammingar finn og regjeringa rom for satsing – mellom anna på kunnskap.

– Me skal realisera kunnskapssamfunnet, og satsar difor på forsking og høgare utdanning, kvalitet i barnehagen og meir til vidareutdanning av lærarar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet.

LES OGSÅ: Her er krava til ungdomspartia

Skulepengar for utanlandsstudentar
Det blir innført skulepengar for studentar frå land utanfor EU og EØS i framlegget til statsbudsjett. Det reagerer Norsk Studentorganisasjon (NSO) på, som meiner det er å gå rett imot Stortinget.

– Me reagerer kraftig på at regjeringa bevisst går imot Stortinget, dette kan ikkje Venstre og KrF godta. Gratis høgare utdanning er ein av våre fremste konkurransefortrinn, og bidreg til å trekka studentar med  høg kompetanse til norsk, høgare utdanning. Dette forslaget vil Noreg tapa på, seier NSO-leiar Anders Kvernmo Langset i ei pressemelding.

Også Studentparlamentet i Bergen reagerer kraftig på forslaget om skulepengar for studentar utanfor EU og EØS.

– Dette er eit angrep på lik rett til utdanning og ei fjerning av gratisprinsippet. Erfaring frå andre land syner at vegen er kort til skulepengar for alle studentar. No set me vår lit til at Stortinget stoggar forslaget om skulepengar for internasjonale studentar, seier Tommy Aarethun, leiar av Studentparlamentet ved UiB. 

Også rektor ved UiB er imot forslaget om skulepengar, og skriv i ei pressemelding at rundt 600 studentar ved universitetet blir berørt.

– Veldig skuffa
I eit intervju med NRK i vandrehallen på Stortinget, viser Anders Kvernmo Langset at han ikkje er nøgd med forslaget frå regjeringa.

– Eg er veldig skuffa over at regjeringa no foreslår omkamp om gratisprinsippet. Dette er eit svært negativt forslag for norsk høgare utdanning, seier Kvernmo Langset.

Han er sikker på at forslaget vil føra til langt færre utanlandske studentar i Noreg, og at det bryt med gratisprinsippet som er ein av grunnsteinane i norsk utdanningspolitikk.

Rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, er samd i at forslaget frå regjeringa er oppsiktsvekkande.

– Det er slik at me treng den kompetansen som kjem frå desse landa. Næringslivet treng kompetansen, me treng kompetansen på campus, og dette betyr at me får ein sterk reduksjon i åra som kjem i andel studentar frå utanfor Europa, sa Ottersen til NRK.

Meir i stipend
Basisstøtta  for studentar blir auka med 3,1 prosent i studieåret 2015-2016, men likevel blir det ikkje stipend i juni, noko som står høgt på ønskelista til studentane.

Ifølgje Dagens Næringsliv blir auken på 273 kroner i månaden, og basisstøtta til studentar blir på 100 920 kroner.

LES OGSÅ: Regjeringa gir meir til kommunar i vekst

1500 nye studentbustader
Før budsjettet vart offisielt lagt fram, var det allereie klart at regjeringa vil legga fram forslag om 1500 nye studentbustader i løpet av 2015. Det skriv og Kunnskapsdepartementet i si pressemelding.

Det høyres mykje ut, men er likevel berre halvparten av det Noregs Studentorganisasjon ønska seg.

– Me hadde sjølvsagt håpa på ei større satsing på studentbustader. Me kjem nok framleis til å sjå mange studentar i bustadkø, seier nestleiar i NSO, Alexander Sæbø Løtvedt, til Universitas

Meir pengar til forsking og høgare utdanning
I framlegget til statsbudsjett for 2015 er det sett av 30,9 milliardar kroner til universitet og høgskular i 2015, ei realvekst på to prosent frå i år. Det skriv Kunnskapsdepartementet i si pressemelding.

Ifølgje kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) blir prioriteringane å utvikla verdsleiande fagmiljø, arbeidet med ein ny struktur i utdanningssektoren, samt fleire rekrutteringsstillingar og pengar til utstyr og universitetsbygg.

Det er og lagt fram forslag om å bruka 2,1 milliardar meir på forsking og utvikling, noko Kunnskapsdepartementet kallar ei historisk satsing. Det tek Universitetet i Bergen (UiB) imot med takk.

– Me ser ei vilje til  å satsa sterkare på god forsking, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, i ei pressemelding frå universitetet. Olsen kallar satsinga eit skritt i riktig retning.

I tillegg får UiB 50 millionar kroner i utstyrsbevilging i 2015, noko dei sjølvsagt er nøgde med, seier Olsen i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Nordmenn vann nobelprisen i medisin

Ifølgje Universitas vil no både lån og stipend for studentar som studerer i utlandet bli valutajustert. Tidlegare har berre stipendet vore justert etter valuta, noko som har skapt trøbbel for studentane, som studentavisa tidlegare har skrive om.