Oslo Ap-nestleiar Khamshajiny Gunaratnam etterlyser nytenking om sidemål.

mm

I august vart det kjent at Oslo Arbeidarparti foreslår å gjennomføra forsøk med fjerning av sidemålskarakteren og sidemålseksamen, noko som for majoriteten av Oslo-elevane betyr at dei ikkje vert vurdert i nynorsk.

Forslaget fekk Mållaget, Målungdommen og Nynorsk kultursentrum til å reagere sterkt.

Stortingspolitikar frå Ap i Møre og Romsdal, Fredric Holen Bjørdal, åtvara òg sterkt mot forslaget og meinte det smakar av valtaktisk populisme.

LES OGSÅ: Oslo Arbeiderparti og det pubertale nynorskhatet

– Må snakka om innhald
Forslaget til Oslo Ap om å fjerna sidemålskarakteren er saman med ei rekkje andre forslag til komande valprogram ute på høyring. Og innspela let ikkje vente på seg.

Nestleiar i Oslo Ap, Khamshajiny Gunaratnam (26), vil la karakterdebatten liggje og heller finne nye vegar for sidemålet.

– Eg meiner det er irrelevant om det er éin karakter eller to i norskfaget. Me må byrja å snakka om innhald og då meiner eg det er eit godt forslag at halvparten av det du les som elev i alle fag skal vere på nynorsk. Det hjelper ikkje å pugge grammatikk om ein ikkje bruker språket i praksis, seier Gunaratnam til Osloby.

Ho trur ikkje avvikling av sidemål er vegen å gå, av omsyn til historie og kulturarv.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i sidemål

Målungdomsjubel
Forslaget møter støtte både hjå Mållaget og Målungdommen.

– Det er akkurat slik skulepolitikk me må ha, seier leiar i Norsk Målungdom, Karl Peder Mork, i ei pressemelding.

– Undervisninga i sidemål, som for dei fleste i Oslo er nynorsk, er alt for dårleg. Elevane må bli eksponerte for sidemålet sitt jamleg om me skal ha håp om å få gode språkbrukarar i framtida. Meir av lesinga bør soleis leggjast utanfor norskfaget, legg den tidlegare Oslo-eleven til.

LES OGSÅ: Éin av tre vil samla norskkarakteren

Positiv Elevorganisasjon
Elevorganisasjonen i Oslo er òg positive til forslaget frå nestleiaren i Oslo Ap.

– Det er mange elevar i Oslo-skulen som ser negativt på sidemål. I dag er det mykje sidemålsundervisning som ikkje er relevant. Det er tydeleg at nokre grep må bli gjort for å betre dette, seier Nicholas Solem, leiar i Elevorganisasjonen i Oslo, til Osloby.

Han meiner forslaget kan vere ein god måte å auke elevane sitt engasjement for sidemålet på og syner til liknande forsøk gjort på Holmlia skole.

Dette forsøket trekk òg leiar i Målungdommen fram som eit framifrå eksempel.

Men på eitt punkt er dei framleis ueinige. Leiar i Elevorganisasjonen i Oslo meiner det er ein god idé å fjerna sidemålskarakteren slik at elevane får éin felles norskkarakter.

– Mange elevar seier dei har ein svak nynorskkarakter og en god hovudmålskarakter. Då satsar dei kanskje mest på det eine faget. Me meiner det er en god idé å slå saman karakterane, slik at ein får en heilskapleg vurdering i norsk som fag, seier Solem, som meiner at ein heller bør sjå på korleis ein underviser i faget, enn å droppe sidemålet heilt. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

Kommentarar

ANNONSE