Svein Olav Langåker, Andrea Rygg Nøttveit
Svein Olav Langåker, Andrea Rygg Nøttveit

Sosiale medier er fulle av dialekt. På Facebook-grupper der ein kan kjøpe alt mellom himmel og jord, finn ein meldingar som: «Nåken som er interessert i billi vintersbil/pendlebil?» og «Vurdere å selle sofaborde mitt…»

Er nynorsken truga av «dåke» og «mej» på Facebook, engelske bloggar og «LOL» på sms?

LES OGSÅ: Mange unge avhengige av Facebook

På riktig normeringsspor?

I si masteroppgåve har språkforskar og tidlegare NRK-journalist Audhild Gregoriusdotter Rotevatn spurt 142 avgangselevar på fem vidaregåande vestlandsskular korleis dei skriv i sosiale medier, kvifor dei vel som dei gjer og samanlikna dette med norskkarakterane deira.

Fleirparten nyttar dialekt i sosiale medier fordi dei vil skrive slik dei snakkar. Dette får Rotevatn til å lure på om språknormeringa er riktig.

– Eg er litt uroa for normeringa. Normerer me for seint? Gjer me det riktig? Var det ein tabbe å strame inn nynorsken? Eg har ikkje fasiten, men meiner dette er spørsmål me må stille oss, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Det ho derimot ikkje er uroa for er dialektbruken på sosiale medier. Det ser ikkje ut til at ungdommane vert dårlegare i norsk av å nytta dialekt på Facebook. Tvert imot er dei fleirespråklege og skiftar mellom dialekt i sosiale medier og normert bokmål eller nynorsk til meir formelle føremål.

Fleirparten av dei spurde elevane er nynorskbrukarar og resultata er difor ikkje representative for heile landet. I snitt nytta dei dagleg éin time på Facebook.

LES OGSÅ: Skjermtid vert dobla frå 11 til 16 år

– Falskt å skriva skikkeleg

Stord vidaregåande skule var ikkje med i undersøkinga, men situasjonen er den same der. Nesten alle andreklassingane på medium og kommunikasjon skriv dialekt på Facebook. To skriv nynorsk og to bokmål.

– Eg skriv som eg snakkar. Det kjennest mest naturleg. Eg føler det blir meir personleg. Det er meir falskt å skriva skikkeleg, seier Ina (16).

– Kvifor det?

– Fordi når du skriv skikkeleg, så blir det meir formelt.

17 år gamle Adrian Sjursen frå Bømlo skriv nynorsk, men fortel at dei fleste av venene skriv dialekt.

Når dei skriv innleveringar er det anten på nynorsk eller bokmål dei skriv.

– Men det er av og til det snik seg inn litt dialekt der òg. Det går av og til i surr kva som er nynorsk og bokmål, seier Mailinn Stensen (17) frå Bømlo.

Ho seier ho blir mest påverka av vener og kjente. I klassen hennar er det fleire bergensarar som nyttar bokmål.

– Eg blir ikkje påverka av nynorsk. Eg likar det ikkje, seier bergensaren Ina.

LES OGSÅ: – Sosiale medier øydelegg språket

_MG_0164

Vil ha skulane på banen

Medan nokre språkvitarar er uroa for norskkunnskapane, er det andre som meiner at ungdom blir meir medvitne på bruk av dialekt og får betre språkøyre av å nytta dialekt i sosiale medier.

Professor ved Universitetet i Tromsø, Øystein Vangsnes, trur ikkje dialektbruk i sosiale medier er språkets undergang.

– Alle produserer meir tekst enn før, takka vere sosiale medium og andre nye elektroniske kommunikasjonskanalar. I staden for å dømma dialektbruken nord og ned, bør skulane ta tak i kompetansen som følgjer med når ungdom sjølve utviklar ein skriftleg variant av eigen dialekt, uttala han til Framtida tidlegare i år.

Elevane på Stord er einige i at sosiale medium gjer at dei skriv meir.

– Halvparten av engelsken eg har lært meg, har eg lært meg på nettet, seier Ina.

LES OGSÅ: – Bruk engelsk i norsktimen

Bevisste dialektval

Rotevatn er heller ikkje uroa over utviklinga. Ho peikar på at skriftleg dialekt er langt ifrå eit nytt fenomen. Asbjørnsen og Moe nytta det òg.

– Etter 70-talet har dialekttoleransen i Noreg vorte større. Dei skammar seg ikkje, som sine besteforeldre, men er stolte over og har eit bevisst forhold til dialekta si. Å skriva dialekt er eit val dei tek. Dei gjer det ikkje fordi dei tykkjer nynorsk eller bokmål er vanskeleg.

Funna tyder på at storbrukarane med store sosiale nettverk brukar dialekt hyppigast.

LES OGSÅ: – Å prøve grenser på nett kan vere bra

– Arrogant å ikkje forholde seg til det

At unge i dag er store tekstprodusentar er ikkje Rotevatn i tvil om. Ho åtvarar vaksne mot å ignorere sosiale medier.

– Sosiale medier er ein så stor del av unge sitt liv at det er på tide at vaksne tek det på alvor og ser på det som meir enn ei tidtrøyte. Norsklærarar og foreldre må få meir kunnskap om sosiale medier. Dei les meir på sosiale medier enn både skjønnlitteratur og aviser. Når det er ein så stor del av livet deira er det arrogant å ikkje forholde seg til det, meiner Rotevatn.

Både ho òg ungdommane i undersøkinga ser lyst på framtida – sett med språklege auge.

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte

Nynorskoptimistar

At ungdommane er nynorskoptimistar og har meir tru på nynorsk enn engelsk, overraska den tidlegare NRK-journalisten.

Av dei spurte trudde 54 prosent at nynorsk var den skriftforma dei ville nytte mest om ti år. Berre 16 prosent trudde dei kom til å skriva mest engelsk om ti år. 12 prosent såg føre seg å skriva dialekt, medan berre 11 prosent trur dei skriv bokmål.

– Dette er godt nytt i forhold til tidlegare forsking på målbyte, meiner Rotevatn.

Oppdatert: onsdag 18. april 2018 12.26

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE