– Feirar livet i kreftvideoen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Monica Lund (39) frå Hovdebygda hadde gått rett frå ein treningstime på treningssenteret i Oslo der ho sjølv er dagleg leiar og personleg trenar, til ein legetime. Etterpå skulle ho tilbake til jobb. Ho skulle berre ta ein kjapp sjekk, tenke ho. Ho hadde merka at det eine brystet var litt større enn det andre, men kjende ingen kular.

– Eg var nettopp ferdig med amming og hadde gått litt ned i vekt. Ulikskapen på brysta var påfallande, så eg tenkte at det var best å få sjekka det, mest for å få bekrefta det eg tenkte; at det ikkje var noko gale.

LES OGSÅ: Overvekt gir auka kreftrisiko

Skrekkhistorier
Beskjeden frå legen nådde ikkje heilt inn.

– Eg kjende meg jo ikkje sjuk.

Ikkje før han spurte om livssituasjonen hennar, og Monica tenkte på dei to borna på to og fire år, knakk ho.

– Den første veka var den verste. Eg brukte mykje tid på å lese på Internett. Der var mange skrekkhistorier. Men eg aksepterte raskt at situasjonen var slik den var. Fantastisk støtte frå familie og vener gjorde også ein vanskeleg situasjon lettare.

LES OGSÅ: Klara fekk cellegift om natta for å rekka Neil Young-konsert

Viktig
Dei siste vekene har Monica vore å sjå i Aktiv Mot Kreft sin nye musikkvideo. Dei har gjenskapt ein av dei mest sexy musikkvideoane som nokosinne er laga, med norske kreftpasientar i hovudrollene. Videoen er basert på Call On Me av Eric Prydz og er sett nesten 400.000 gongar på You Tube.

Kampanjevideoen skal auke fokuset på kor viktig det er med fysisk aktivitet. Målet til Aktiv Mot Kreft er å gjere fysisk aktivitet til ein fast del av kreftbehandlinga både i Noreg og internasjonalt.

– Som personleg trenar fekk eg ei aha-oppleving på kor viktig trening er i møte med sjukdom, så eg hadde eit veldig behov for å vere med på å spreie bodskapen. Det var ein skikkeleg boost å vere med.

Videoen har vekt internasjonal oppsikt også. Monica har vore gjest i australsk frukost-TV, og dei har fått positive omtalar over heile verda. I Noreg har kampanjen også fått mykje ros, men her har det også kome mykje ris.

– Vi vert mellom anna kritiserte for å skape kroppspress, men eg meiner det motsette, at vi er med på å fjerne presset. Vi viser at vi er bra nok, til trass for arr og skavankar, storleikar og fasongar. Vi vert også kritiserte for å vise eit urealistisk bilete av ein kreftpasient. Det er tøft å ha kreft, det er tungt og det er eit strev. Det veit alle vi som har vore med. Men vi veit også at treningsgleda og meistringskjensla aldri har vore større enn når kroppen frisknar til att. For oss var det ei feiring av livet, og vi håper å både kunne inspirere og gi håp med denne filmen.

LES OGSÅ: Skreiv vinnarboka då ho vart sjuk

Trening
Historia til Monica enda godt. I februar i fjor vart ho operert. Etter det har ho sett på seg sjølv som frisk, sjølv om ho skulle gjennom ei tøff behanling med både cellegift og stråling. 

– Eg hadde behov for å kunne kontrollere det eg kunne kontrollere, og tenkte at det ville vere ein fordel å halde seg i god form. Behandlinga skulle gjere meg frisk, men den ville også bryte ned kroppen.

Ho trente så mykje ho kunne før behandlinga, og prøvde å halde seg i nokolunde form i dei verste periodane med cellegiftbehandling.

– Det var sjølvsagt ikkje alltid like enkelt. Enkelte dagar klarte eg ingenting, andre dagar gjorde eg det eg klarte, om det så var berre fem minutt. Eg er overraska over kor bra kroppen responderte på treninga. Men eg er også overraska over kor lite fokus det var på fysisk aktivitet frå legane si side, og nettopp difor er kampanjen så viktig!

Ho meiner ikkje å kritisere nokon, og rosar helsevesenet.

– Men det er mykje fokus på pasienten og ikkje på personen. Det er viktig for personen å få vere seg sjølv og kunne fortsette med ting som gir overskot. For min del spelte i alle fall trening ei viktig rolle både før, undervegs og etter kreften.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.