Overvekt gir auka kreftrisiko

Overvektige har auka risiko for å få ei rad vanlege kreftformer, viser ei ny undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir auka kreftrisiko

 Britiske forskarar konkluderer med at overvekt har skuld i 12.000 krefttilfelle i året i Storbritannia, og fleire kjem det til å bli dersom britane fortset å leggje på seg.

– Dersom utviklinga fortset vil resultatet bli 3.500 fleire krefttilfelle i året, konstaterer forskarane ved London School of Hygiene and Tropical Medicine, som presenterer funna sine i siste utgåve av legetidsskriftet The Lancet.

LES OGSÅ: Tjukk av triste TV-program

Høg BMI
Forskarane har teke utgangspunkt i kroppsmasseindeksen (BMI) til folk, som er forholdet mellom høgde og vekt.

BMI på 25 til 29,9 blir rekna som overvekt, medan BMI på over 30 blir rekna som ekstrem overvekt.

Ved å samanhalde BMI med pasientjournalar har forskarane slått fast kor mykje risikoen for kreft aukar når ein er overvektig.

Dersom BMI aukar med 5, aukar risikoen for livmorkreft med heile 62 prosent. Risikoen for kreft i galleblæra aukar med 31 prosent, medan risikoen for kreft i nyrene aukar med 25 prosent.

Også risikoen for andre vanlege kreftformer aukar, om enn noko mindre, viser undersøkinga.

LES OGSÅ: Bygdeborn meir overvektige 

Enkle grep
Peter Campbell ved American Cancer Society meiner at politikarane med enkle grep kan hindre at stadig fleire blir overvektige.

Auka skattlegging av sukkerhaldige drikkar, og subsidiering av sunn mat og drikke, er nokre av tiltaka som ville ha virka, meiner han.

Tidlegare i veka publiserte The Lancet ei undersøking som viser at 40 prosent av amerikanske menn og 39 prosent av amerikanske kvinner kjem til å utvikle diabetes type 2.

Dette vil dei i stor grad ha seg sjølve å takke for ettersom sjukdommen først og fremst rammar overvektige og dei som er lite fysisk aktive. (©NPK)