Ernæringsforskar slår alarm. – Manglande og feil mat fører til dårlegare karakterar og meir bråk i skulen – og store helsekostnader på lengre sikt.

mm

Éin av tre ungdomsskuleelevar droppar frukost og lunsj éin eller fleire gonger i veka, viser ferske tal frå Ungdata.

Einar Risvik er kjent som ein av Noregs fremste på smak og ernæring. Den tidlegare forskingsdirektøren ved Nofima kallar manglande skulemat for ei krise for norsk skule.

– Debatten om skulemat er unyansert. Diskusjonen står om kven som skal betala. Eigentleg handlar det om kva samfunn me vil ha og framtidige helsekostnader me kan sleppa å påføra samfunnet vårt. Og det handlar om ubrukt intelligens hjå dei som ikkje får god nok mat.

– Vil me ha eit lagdelt samfunn som i USA, der ein veksande del fell utanfor, eller vil ein ha like mulegheiter for alle? spør Risvik retorisk.

LES OGSÅ: Satsar på helsa til borna

– Dyr omsorgssvikt
Einar Risvik viser til tal som viser at opp mot 70 prosent av alle helsekostnadene våre er knytt til mat.

– Fleire kreftformer, diabetes og dei fleste formene for hjarte- og karsjukdommar er knytt til kosthaldet vårt. Belastningar på ledd og skjellet er ofte knytt til overvekt.

– Kven skal ta ansvaret?

– Regjeringa vil ikkje ta ansvaret, så då blir det opp til lærarane og foreldra. Mange foreldre kan seia at dei sjølv gjev borna sine frukost og god niste på skulen. Men er det tre elevar i klassen som ikkje har fått mat, så er det lett for at dei øydelegg for dei andre i klassen, seier Einar Risvik, som no til dagleg jobbar som seniorforskar ved matforskingsinstituttet Nofima.

Lege og forskar ved NTNU Charlottae Björk Ingul har tidlegare sagt til Framtida.no  at foreldre som ikkje tek fysisk aktivitet, kosthald og livsstil på alvor, skader borna og gir dei sjukdomar. Ho samanliknar det med fysisk vald.

– Dårlege matvaner og livsstil er like ille som det å slå, ein ser berre ikkje resultata før 20 eller 30 år seinare. Det er ingen som takkar foreldra sine for diabetes-diagnosen dei seinare får.

LES OGSÅ: Spreke born er smarte born

Svoltne elevar bråkar meir
Einar Risvik meiner det er alt for få foreldre som tenkjer på samanhengen mellom kven som bråkar i klasseromma og kven som ikkje har fått eta skikkeleg.

– Born må ha mat som varer. Får dei polarbrød med nugatti til frukost, så er blodsukkeret deira på veg ned etter ein og ein halv time – lenge før det er tid for matpause.

– Det er rart at foreldre ikkje ser samanhengen mellom sure ungar og lett fordøyelege karbohydrat.

Feil mat gjer ungane lettare sure, og øydelegg mykje av tida foreldra har med ungane sine etter skulen. Og på skulen øydelegg det læringsevna.

– Eg seier det som det er: svoltne born lærer ikkje matte.

LES OGSÅ: Gruppearbeid er ein katastrofe

Gode erfaringar med skulemat
Risvik viser til at alle landa med betre resultat enn Noreg på Pisa-undersøkingane har skulemat. Og dei ti skulane som skårar best på dei nasjonale prøvane i Noreg, skal alle ha skulemat.

Ein av skulane som gjer det godt på dei nasjonale prøvane er Lom ungdomsskule. Her har dei hatt kantine med matservering sidan 2006. Rektor Tore Mundal seier at det er vanskeleg å seia nokon om det er ein samanheng mellom mat på skulen og gode skuleresultat.

– Me har veldig gode erfaringar med skulemat. I første rekkje bidreg det til betre trivsel på skulen, seier han.

Skulen bruker to assistentar i til saman 15 prosent stilling til å halda kantina open – noko rektoren meiner er overkomeleg. Skulen tilbyr varm mat ein gong i veka, og graut annan kvar veke. Elles er det buffet med brødmat, mjølk og yougurt. Boller og brus er heilt forbode.

– Det er viktig at det elevane får i seg er næringsrikt, seier Lom-rektoren.

Det finst lite forsking på samanheng mellom karakterar og kosthald, men ein svensk studie frå 2011 viser ein slik samanheng. Forskarane ved Örebro Universitet samanlikna blant anna inntaket av folat og karakterar på skulen hos 386 svenske 15-åringar. Samanhengen mellom eit høgt inntak av folat og høge karakterar var tydeleg, sjølv om ein korrigerte for andre faktorar, som for eksempel sosial og økonomisk bakgrunn.

LES OGSÅ: Elevar med dårlege karakterar blir mest mobba

I Noreg har forskarar ved Trøndelag Forskning og Utvikling følgd eit forsøk med skulemat ved fire skular i Nord-Trøndelag. Lærarane rapporterte at elevane får meir energi når dei har eit tilbod om mat på skulen, ifølgje Forskning.no.

Statssekretær: – Ikkje aktuelt no
Statssekretær Birgitte Jordahl dette på spørsmål om regjeringa vil innføra skulemat:

– Me vil lytta til alle forskarar som ser openbare samanhengar mellom skulemat og betre elevprestasjonar i norsk skule, men per no er det ikkje aktuelt å prioritera skulemat.

– Den viktigaste oppgåva til skulen er å formidla kunnskap. Regjeringa satsar no stort på etter- og vidareutdanning av lærarar for å sikra god kvalitet på undervisinga. Kommunane står likevel fritt til å halda fram med ordninga med gratis frukt og grønt på sine skuler dersom dei ønskjer det. Det er også fleire skular som har innført skulematordningar lokalt. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

ANNONSE