Skulen gjer lite for å hindra målbyte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Har skulda for målbyte

Korkje foreldre, lærarar eller skuleleiing har så mykje å seie for at mange nynorskelevar byter til bokmål i skulen.

Slik er det i alle fall om ein legg til grunn det Proba samfunnsanalyse har funne ut ved tre skular i det som blir rekna som randsonene for nynorsk.

LES OGSÅ: Skifta hovudmål med tungt sinn

Enklare med bokmål
Rapporten viser at elevane opplever at bokmål er enklare, fordi nesten alt dei les, er på bokmål. Dei vil ha eit skriftspråk som fungerer som arbeidsverktøy for dei i skulekvardagen. Og korkje lærarar, skuleleiing eller foreldre ser ut til å ha hatt noko å seie for byte av målform, går det fram av rapporten, som forskingsinstituttet har laga på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

– Inntrykket vårt var at elevane sjølve reflekterte lite over at skulen kunne ha ei rolle i valet deira av målform. Elevane peika heller på den meir generelle bokmålsdominansen, seier prosjektleiar Pia Dybvik Staalesen i Proba samfunnsanalyse.

– Mange av elevane vi intervjua, synest det er enklare med bokmål. Ikkje fordi språket er enklare i seg sjølv, men fordi dei ser og les bokmål nesten overalt og på den måten blir stødigare i den målforma, seier ho.

LES OGSÅ:  – Språkskifte – ikkje målbyte

Ny forsking på språkskifte

Pia Dybvik Staalesen er forskar i Proba samfunnsanalyse og har forska på kvifor hovudmålselevar i nynorsk skiftar frå nynorsk til bokmål. Foto: Erik Ruud

Skulane passive
Men det går òg fram av rapporten at skulane ikkje gjer noko særleg for å styrkje nynorsken eller hindre språkbyte heller.

Bakgrunnen for rapporten, som Proba samfunnsanalyse har laga saman med forskarar ved Høgskulen i Oslo og Akershus, er sluttrapporten til ei ressursgruppe som Kunnskapsdepartementet oppretta i 2012, og som foreslo tiltak som kan motverke flukta frå nynorsk til bokmål i skulen. Ressursgruppa meinte det var behov for meir kunnskap om språkskifte.

No kan det altså sjå ut til at det eine tiltaket som verkeleg kan nytte, er at nynorsken får ein større og meir synleg plass i samfunnet.

LES OGSÅ: – Latskap gav målbyte

Ulik vurdering
Av rapporten går det òg fram at det er store variasjonar mellom lærarutdanningane i korleis dei vurderer norskkompetansen hos studentane. Vurderingsformene for bokmål og nynorsk er som regel ulike for grunnskulelærarstudentane. Bokmål blir i hovudsak nytta på skuleeksamen og nynorsk på heimeeksamen eller liknande.

Rapporten viser òg at det er stor uvisse om korleis kompetansen i nynorsk og bokmål skal gå fram av vitnemålet. (©NPK)

QUIZ: Skjønar du bokmål?