Helsevesenet veks med forventingane våre

Forskarar trur norske helsetenester vil veksa med 20 prosent dei neste 15 åra. Årsaka er at me uroar oss meir for helsa – og krev raske svar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved Sintef har freista å kartleggja det framtidige kapasitetsbehovet i Helse-Noreg ved å sjå på utviklinga dei seinare åra. 

LES OGSÅ:Harry Potter skapar toleranse

Oppsøker oftare hjelp

Dei fann att medan folketalet i området Helse sør-aust dekkjer har stige med ti prosent dei siste ti åra, har talet på gonger folk har oppsøkt straks hjelp auka med 88 prosent i same perioden. 

– Straks hjelp er jo tradisjonelt kopla opp til akutte fysiske lidingar, og ein skulle tru at dette talet vil liggja stabilt i høve til folketalet, seier forskar Marte Lauvsnes.

LES OGSÅ: Spår store gjennombrot for kreftforsking

Vert naudsynt å utvida

Ho og kollega Asmund Myrbostad meiner tendensen har fleire ulike årsaker. Terskelen for å oppsøkja spesialhelsetenesta er i dag lågare enn før. Folk uroar seg meir enn tidlegare, dels fordi media stadig påpeikar alle slags helsefarar. Alt dette aukar forventingane våre til helsetenestene, og det vert naudsynt å utvida dei for å innfri.

Samstundes påpeikar Lauvsnes at både fastlegar og pasientar no er meir opptekne av å koma raskt i gang med behandling. Dette er positivt fordi det kan avverja alvorleg sjukdom og gjera sjukdomsgangen enklare.

LES OGSÅ: Legar seier opp grunna samvit