Spår store gjennombrot i kreftforsking
Britiske forskarar går hardt ut – dei meiner cellegifta vil vera avleggs i kreftbehandling om 20 år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Spår store gjennombrot
Eit forskingsprosjekt leda av Genomics England har starta eit ambisiøst prosjekt med å kartlegga genmateriale til kreftpasientar og pasientar med andre sjeldne sjukdomar. Forskarane er sterke i trua på at prosjektet vil føra til mykje meir nøyaktig og effektiv kreftbehandling i framtida. Det skriv Science Alert.
LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt
Meir målretta
– Om tjue år vil det vera terapi framfor cellegift, og mykje meir målretta behandling, sa Jeremy Farrer då prosjektet starta. Farrer er sjefen for Wellcome Trust, som og jobbar på prosjektet.
Med meir målretta behandling vil og behandlinga verta mykje mildare, og med færre biverknader, håpar forskarane.
LES OGSÅ: Legar seier opp grunna samvit