Difor jagar flugene deg

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du kan lesa videnskab.dk si sak her – då dei fekk spørsmål frå ein lesar om kvifor flugene alltid følger etter oss og maten vår, gjekk dei vidare til insektforskaren Thomas Pape frå Zoologisk museum i København.

LES OGSÅ: Mindre sannsyn for å bli skilt

Egg og smaksprøvar

Svaret kjem sjølvsagt litt an på kva flugerase det er snakk om. Ifølgje Pape finst det 100 000 ulike arter. Blant dei mest vanlege er spyfluga og husfluga – den du ser i heimen.

Ifølgje Pape har desse to artane heilt ulik motivasjon for å invadera måltidet ditt.

– Spyflugene går etter maten vår for å legga egg i den, dei går etter biffen og kjøtsausen, seier Pape til videnskab.dk.

– Den vanlege stovefluga legg berre egg i forderva mat, så om den set seg på maten vår er det for å smaka på den, legg Pape til.

LES OGSÅ: Får brødet til å vare lenger

Sveitten lokkar

Pape gir og svar på kvifor flugene surrar rundt oss utan stans.

– For det første kan flugene få mykje mineraler ut av svetten vår. Dei får blant anna salt når dei set seg på oss. Men det spelar og inn at mange fluger søkjer mot forhøgingar eller andre markørar i landskapet, forklarar Pape til videnskab.dk.

LES OGSÅ: Slik vel du det perfekte profilbiletet

Romantisk surring

Det sistnemnde forklarar Pape med at fluger brukar landskapsmarkørar til å finna klare møteplassar. Slik at dei kan – som Pape formulerer det – møtast for å gjera det fluger er gode til: Å laga fleire fluger.

Ein tanke som kanskje gjer det endå meir ubehageleg å ha eit forelska flugepar surrande rundt hovudet heile dagen.

LES OGSÅ: Gamle mobilar er gull verd