Spelar seg til betre engelsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit svensk forskingsprosjekt stadfestar no det som mange lærarar lenge har peika på, at dei som bruker mykje tid på interaktive dataspel, får eit breiare engelsk ordforråd enn dei som ikkje spelar, skriv Forskning.no.

Men det var ikkje alle typar spel som gav like god effekt på engelsklæringa. Den kategorien som fungerte best for å auke engelskkunnskapane til barna, var rollespel som World of Warcraft og Grand Theft Auto.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Motivasjonen styrkar språket

For å kunne delta i slike rollespel, må ein kunne forstå og kommunisere på engelsk. Barna møtte derfor stadig nye og ukjente ord. Fordi barna er så motiverte for å kome seg vidare i spel-universet, blir dei tvinga til å slå opp ord dei ikkje forstår, og utvidar dermed vokabularet sitt.

Studien viste at gutar er overrepresenterte i kategorien rollespel, og at dei dermed kunne fleire engelske ord enn jentene.

LES OGSÅ: Sportsstipend for dataspel

Forskarane strekar samtidig under at det er problematisk når barn brukar store delar av fritida si på spel som er meint for vaksne. Enkelte kan få problem som avhengnad, depresjonar og dårlegare skuleprestasjonar av mykje dataspeling.