Blir nærsynt av å studere

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tyske forskarar har funne ein overtydande samanheng mellom kor mange år du sit på skulebenken og kor godt syn du har. Det melder Science Daily.

LES OGSÅ: Difor forsvinn biene

Stadig fleire er nærsynte, over heile verda. Alvorleg nærsyntheit, eller myopia,  er ei sentral årsak til synshemming. I USA er no kring 40 prosent av befolkinga nærsynt og både i vestlege og asiatiske land har talet på nærsynte auka kraftig.

Denne auken har tidlegare vore forklart med miljømessige faktorar, som om ein bur i urbane elle rurale strøk eller arbeider med lesing eller datamaskiner.

Forskarar ved University Medical Centre i Mainz, Tyskland, har no undersøkt over 4500 tyskarar mellom 35 og 74 år. Funna frå dette arbeidet tyder på at myopia vert meir vanleg med høgare utdanningsnivå.

LES OGSÅ: Får nynorskavisene svi?

Medan berre 24 prosent av deltakarane som ikkje hadde høgare utdanning var nærsynte, var 53 prosent av deltakarane med ei universitetsgrad nærsynte. For deltakarar med vidaregåande skule eller yrkesutdanning, var talet 35 prosent.

Ifølgje studien kan ein motverke denne samanhengen ved å rett og slett vere meir utandørs. Studiar frå Danmark og Asia har synt at meir tid utandørs og meir dagslys heng saman med betre syn.

LES OGSÅ: Oppdagar ikkje dårleg syn