Oppdagar ikkje dårleg syn

Skuleelevar kan gå med dårleg syn i årevis utan at det blir oppdaga, viser ei stor undersøking.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste ti åra er synet til 7700 skuleelevar i Kongsberg blitt undersøkt. Ordninga har omfatta elevar i andre, femte og tiandeklasse og er den største undersøkinga av synet til norske elevar nokon gong.

– Ein kartleggingsstudie av alle screeningane viser at éin av ni elevar trong briller eller vidare oppfølging av optikar. Behovet for briller var faktisk størst blant tiandeklassingane, og det vil nok overraska mange, seier optikar Ingeborg Osaland til Newswire.

– Dette inneber at mange elevar kan gå gjennom barneskulen og ungdomsskulen utan at det blir oppdaga at dei ser dårleg, seier ho.

Etter fireårskontrollen er det ingen tilbod om offentleg synsundersøking eller oppfølging av norske skuleborn.

LES OGSÅ: – iPad kan gi nærsynte born

Konsentrasjonsvanskar
Optikarutdanninga i Noreg ligg på Kongsberg, og heilt sidan 1970-talet har det vore eit samarbeid mellom Høgskulen i Buskerud og kommunen om å undersøkja synet til elevar ved barne- og ungdomsskulane i kommunen.

– No har ei gruppe avgangsstudentar ved Institutt for optometri og synsvitskap gått gjennom alle resultata for dei siste ti åra, og resultata er interessante, seier rettleiar Helle K. Falkenberg til Newswire.

Totalt vart 15 prosent av dei 7700 elevane viste vidare til synsundersøking hos optikar. Blant desse hadde 58 prosent behov for brille. 11 prosent fekk samsynstrening, medan i underkant av fire prosent vart vist til vidare undersøkingar.

– Ingen synstruande tilstandar vart avdekt, men det var mange som treng vidare oppfølging hos optikar eller augelege, seier Ingeborg Osaland.

Sidan så mange unge har synsproblem som går uoppdaga, er det viktig at lærarar og foreldre er oppmerksame, meiner ho.

– Symptoma aukar i takt med auka krav til nærarbeid i tenåra, siar Osaland.

Synsproblem kan gje mange utslag hos skuleelevar, blant anna konsentrasjonsvanskar og hovudpine.

LES OGSÅ: Nærsynt av studia

– Følg med sjølv!
– Screening av skuleborn i gjevne aldersgrupper har stor verdi, men har ein stor kostnad. Difor meiner vi fireårskontrollen innfrir samfunnsoppdraget til styresmaktene. Etter det må foreldre ta ansvar for synet til barnet og tilrådast å kontakta optikar når dei har behov for råd om syn, meiner Ingeborg Osaland.

Ei stor undersøking TNS Gallup gjorde for Norges Optikerforbund i fjor viste at 30 prosent av foreldra var misnøgd med skulen si oppfølging av synet til borna.

– Lærarar og helsesøstrer har plikt til å rapportera vidare viss dei har mistanke om at elevar har synsproblem. Det er viktig at foreldre òg ser ansvaret sitt, seier fagsjef Hans Torvald Haugo i Norges Optikerforbund.