Røykelova vert strengare

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Også barnehagane og skulane skal vere frie for tobakk. I butikkane blir det forbode med sjølvbetening av tobakksvarene. Automatane der varene er skjulte og kjøpar først må betale for vara/automatkortet med alderskontroll, er ikkje omfatta av forbodet.

Innstramminga av lova heng saman med at styresmaktene i større grad ønskjer å førebyggje at barn og unge startar med røyk og snus, ifølgje Helsedirektoratet.

LES OGSÅ: Stirer du på ein skjerm dagen lang

Dei held fram at alle elevar har rett til eit miljø på skulen fritt for tobakk. For elevane gjeld forbodet både på og utanfor skuleområdet. Forbodet omfattar også snus. For dei tilsette i skulen og barnehagane gjeld forbodet lokala og uteområdet, men ikkje utanfor området til skulen/barnehagen. Rektor eller barnehagestyrar har ansvar for at reglane blir følgde.

LES OGSÅ: Dei merkeligaste hallusinasjonane

Forbodet omfattar både kommunale og private barnehagar, også familiebarnehagar i private heimar.

Det vil heller ikkje vere lov å ha særskilde røykjerom. Unntaket er institusjonar der bebuarane har heimen sin, petroleumsverksemda til havs og inntil halvparten av overnattingsromma på hotell. 

LES OGSÅ: Færre ungdommar rusar seg