Endra ferjerute for éin elev

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sander Haukenes (15) frå Varaldsøy og mamma Kristine Haukenes har jobba med å få flytta ferjerutene med ti-femten minutt, slik at Sander skal kunne rekkja skulebussen frå Gjermundshamn til Fusa vidaregåande skule, kor han blir elev til hausten. 

Sander hadde ikkje lyst til å flytta heimefrå enno, og meinte det skulle vore opp til kvar einskild 15-åring om ein ønskjer å bu på hybel eller ikkje. I går tysdag fekk Kristine Haukenes gladmeldinga – eller glad-e-posten om ein vil: Ferjeruta blir flytta litt framover.

LES OGSÅ: Offer på vent

– Eg fekk melding frå Hans Christian Tveitsme i Skyss om at ferja som i dag går frå Varaldsøy klokka 06.40 blir endra med 15 minuttar til klokka 06.25, slik at den vil vera på Gjermundshamn klokka 06.40. Det er samstundes som skulebussen går til Fusa, slik at no vil Sander rekka denne bussen, fortel Kristine Haukenes.

Den same ferja blir følgjeleg òg flytta tilsvarande frå Årsnes, kor ho først går i frå, slik at dei som skal reisa denne turen må reisa noko tidlegare på morgonen.

– Vi er strålande nøgde med at Sander får bli buande heime. Dette viser at det hjelper å stå på litt. Utruleg kjekt at Skyss følgde opp og høyrde på oss, seier den nøgde mora.

Les saka i Kvinnheringen!