Stirer du på ein skjerm dagen lang?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stirer du på ein skjerm dagleg?

Ja, det er faktisk skadeleg å sitje med augo klistra til ein skjerm heile dagen. Ein ny studie tyder på at dei som stirer på ein skjerm i over sju timar kvar dag, kan få dei same symptoma som personar diagnostisert med tørre augo. Det melder Science Alert.

LES OGSÅ: Bedagelige B-menneske

Tårer held augo friske, reine og smurde. Når det ikkje vert produsert nok væte til å smørje overflata av augeeplet, opplever ein mellom anna smerte, svie og uskarpt syn. Personar som ikkje produserer nok tårer, kan bli diagnostisert med tørre augo. Ifølgje ein studie, som nyleg vart publisert i tidsskriftet JAMA Ophthalmology, kan folk som sit meir enn sju timar dagleg framføre ein skjerm oppleve liknande symptom.

Skjerm-stiring fører til fordamping
Forskarar i Japan har rekruttert 96 frivillige, som arbeider i lange økter framføre ein skjerm, til studien. Dei målte mengda av proteinet MUC5AC i dei frivillige sine augo. Proteinet finst i 'tårefilmen‘, som er eit lag av slim som held auget fuktig og som er naudsynt for godt syn. Deltakarane fylte også ut eit spørreskjema.

Forskarane fann at dei som tilbringer mykje tid framføre ein skjerm, har MUC5AC-konsentrasjonar på like lågt nivå som dei som har blitt diagnostisert med tørre augo.

LES OGSÅ: No forsvinn tannlegeskrekken

Dei deltakarane som arbeider framføre dataskjermar i over sju timar dagleg, hadde eit gjennomsnitt på 5,9 ng/mg MUC5AC. Dei som bruker færre enn fem timar framføre ein skjerm om dagen, hadde derimot 9,5 ng/mg. Til samanlikning har personar som er diagnostisert med tørre augo eit gjennomsnitt på 3,5 ng/mg, medan personar utan sjukdommen har 8,2 ng/mg.

Ifølgje studien er noko av forklaringa at vi blunkar sjeldnare når vi ser på skjermar. I tillegg opnar vi ofte augo breiare enn når vi utfører andre oppgåver, som å lese ei bok. Dette medverkar til raskare fordamping.

Hjå Tørreøyneklinikken kan du teste om du har tørre augo.

Hugs å blunke
For å motverke tørre augo, tilrår legar å ha ein luftfuktar i kontorlokalet og å unngå direkte kontakt med klimaanlegg. Det kan også hjelpe å plassere skjermen lågare og vippe den oppover, slik at det eksponerte overflatearealet på auget blir redusert, ifølgje ein av forfattarane bak studien.

Ifølgje Synsam må ein også hugse å blunke. Når ein arbeider framføre ein skjerm, blunkar ein ofte sjeldnare enn dei 20-25 gongane i minuttet ein normalt skal blunke. Det hjelper også å fokusere på noko på avstand, å tilføre kunstig væte, å øke skriftstorleiken, å sørgje for nok dagslys og å ta regelmessige pausar.

LES OGSÅ: Vil gjere det lettare for ungdom å få prevensjon