Bedagelege B-menneskjer
B-menneskjer kan ha vanskelegare for å kome i gang med trening, peikar ny forsking mot.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse er mindre aktive
Ei ny amerikansk studie antyder at menneskjer som står opp seint og ranglar til langt på natt, sit meir i ro, og tykkjer det er vanskelegare å kome i gang med trening, melder forsking.no.
LES OGSÅ: Mindre sjukdom med god søvn
Aktive morgonfuglar
Ei gruppe forskarar har undersøkt 123 friske forsøkspersonar. Deltakarane førte søvndagbok, og gjekk med aktivitetsmålarar på kroppen. I tillegg svarte dei på spørsmål om fysisk aktivitet og sine haldningar til trening.
Det synte seg at dei som la seg seint ofte var mindre i rørsle, uavhengig av kor mykje søvn dei fekk. Dei som kalla seg B-menneskjer opplevde òg at det var vanskelegare å få trent, mellom anna på grunn av tidsmangel.
Ut ifrå desse resultata kom forskarane fram til at ein må ta omsyn til folks døgnrytme når ein skal setje i verk tiltak for å få folk i aktivitet.
LES OGSÅ: Søvnskadeleg sengesurfing