Slutt på nynorskklasse i Stavanger

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slutt på nynorsk i Stavanger

Som einaste klasse på skulen har dei 13 elevane hatt nynorsk som hovudmål alle sju åra, skriv NRK. Men til hausten må lærar Anita Winsjansen Lillebø ta farvel med oppgåva som nynorsklærar for det er ingen fleire nynorskklassar igjen i byen.

LES OGSÅ: Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk

– Eg fattar det ikkje. Enkelt og greitt. Eg synest de snakkar så nynorsk her. Nesten meir nynorsk enn vi sunnmøringar. Men så er det vel litt i tida då, det har gått litt av moten med nynorsk, seier Winsjansen Lillebø til NRK.

Avtroppande leiar i Norsk målungdom, Vebjørn Sture, meiner det er trist at den fjerde største byen i landet ikkje lenger har nynorskklassar i grunnskulen.

– Vi synest sjølvsagt at det er synd at nynorsken ikkje har eit sterkare fotfeste i Stavanger.

Fordi det er ein av dei største byane i landet, og han kunne ha spelt ei viktigare rolle for nynorsken enn det han gjer i dag, seier Sture.

LES OGSÅ: Nynorsk grunnlov til klasseromma

No vil det vere opp til foreldra om Våland skule og Stavanger får fleire nynorskklassar i framtida. Rektor ved skulen Eli Ryssdal tilbyr gjerne nynorsk, dersom foreldra vil ha det.

– Vi ønskjer oss fleire nynorskklassar. Ved eit foreldreinitiativ vil det bli oppretta, om det er minst ti elevar, seier Ryssdal til NRK.

LES OGSÅ: Får nynorskavisene svi?