Dei med best karakterar etter mastergrad får 20 prosent meir i løn enn dei i botnsjiktet.

mm

Lønnsforskjellen mellom dei med best og dårlegast karakterar held fram inn i arbeidslivet, og det er ikkje slik at karakterane berre slår ut på den første jobben.

For nokre utdanningsgrupper er det faktisk slik at forskjellane aukar.

– Det tyder på at utdanningssystemet måler noko av det same som arbeidslivet er villig til å løna, seier Erling Barth, forskar ved Institutt for samfunnsforskning (ISF).

Han har leia eit forskingsprosjekt som tar for seg korleis utdanningssystemet blir verdsett i arbeidsmarknaden.

– 20 prosent høgare løningar er ein god del sett i forhold til dei små lønsforskjellane i Noreg, seier Barth.

Siviløkonomane har størst avkastning av å vera toppstudent, med juristane på ein god andreplass.

Toppkarakterar fører til 14 prosent større sannsyn for å ta doktorgrad, men dei som vel å ta doktorgrad har 10 prosent lågare løn samanlikna med dei som ikkje tar doktorgrad, ifølgje Forskning.no.

Les meir om privatøkonomi her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

Kommentarar

ANNONSE