– Auka snusbruk bra for folkehelsa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny studie av rus- og tobakksvanane til norske 16-åringar viser ein dramatisk nedgang i talet på daglegrøykjarar. Medan kvar fjerde 16-åring røykte i 2002, var talet i 2010 nede i berre 7 prosent. Talet på snusarar i aldersgruppa auka frå 4 prosent i 2002 til 12 prosent i 2010, skriv Forskning.no.

LES OGSÅ: Helseekspertar vil forby snus og pappvin

Snushanar
– Snus er mykje mindre skadeleg enn sigarettar. Snus har nesten berre 10 prosent av skaderisikoen som røyking inneber. Det ville sjølvsagt vore fint om ungdommar ikkje tok til å byrja heller, men frå eit folkehelseperspektiv er dette gode nyheiter og eit hav av forskjell frå situasjonen for ti år sidan. Det er all grunn til å feira, seier Pedersen.

Spørsmålet er om det er dei same ungdommane som før ville røykt som i dag snusar i staden.

– Vi heller mot at ein god del av ungdommane som no snusar, ville ha røykt for ti år sidan. Difor meiner eg dette er ei gledeleg utvikling, seier Willy Pedersen.

LES OGSÅ: Fleire unge røykjer og snusar

Åtte års utvikling
Sosiologiprofessor Willy Pedersen står bak studien saman med førsteamanuensis i psykologi Tilmann von Soest ved Universitetet i Oslo.

I studien har forskarane kartlagt utviklinga av rusbruken blant 16-åringar mellom 2002 og 2010, og sett på røyking og snus i samanheng med sosial bakgrunn, skuleprestasjonar, sosiale nettverk, idrettsdeltaking, mental helse, og bruk av alkohol og cannabis.

Studien blir publisert i det internasjonale tidsskriftet Addiction. (©NPK)