Fleire unge røykjer og snusar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire unge røykjer

I 2013 var det 32 prosent av befolkninga i alderen 16– 74 år som enten røykte, brukte snus eller gjorde begge delar, ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det har vore ein jamn nedgang dei siste fem åra, frå 36 prosent tobakksbrukarar i 2008.

Trass nedgangen er det nå fleire unge enn før som røykjer eller snusar dagleg eller av og til. Her svarer meir enn 40 prosent at dei er tobakksbrukarar. Det er særleg meir snusbruk som fører til ein auke. Blant unge i alderen 16– 24 år svarar 21 prosent at dei brukar snus dagleg og 8 prosent av og til. Blant dei unge mennene som blei spurte, var det 27 prosent som brukte snus dagleg, det er dobbelt så høg del som blant unge kvinner.

Dette er også biletet generelt i befolkninga, at menn oftare brukar snus enn kvinner.

Sidan tusenårsskiftet har det vore ei halvering av daglegrøykjarane, medan fleire som har slutta, har byrja med snus eller gått over til å røykje av og til. Omtrent like mange menn som kvinner, 15 prosent av den norske befolkninga i alderen 16– 74 år, røykte dagleg i 2013. Delen som av og til tar seg ein røyk, har lege ganske stabil i perioden frå 2000 til no, på om lag 10 prosent. Snus vert brukt av 9 prosent dagleg og 4 prosent av og til. (©NPK)

Les fleire helsesaker her!