SSB: Fleire unge røykjer enn for eit par år sidan

Det er ein auke i talet på folk mellom 16 og 24 år som røyker, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

NPK-NTB
Publisert

– Vi fryktar ei framtid der ein opplever at røyking er kult igjen, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen til TV 2.

Tala til SSB viser at gruppa som røykjer «av og til,» veks.

I lang tid har tala for ungdom mellom 16 og 24 år lege på rundt 10 til 15 prosent, men dei siste ti åra har talet på av-og-til-røykjarar blant unge menn krope opp mot 20 prosent.

Kreftforeningen meiner utviklinga vil føre til fleire dødsfall.

– Kreftregisteret reknar med at 400 av 2010-kullet vil få lungekreft som følgje av røyking. Dette gjeld for berre eitt kull og viser kor store konsekvensane vil vere om vi ikkje tek grep, seier Stenstadvold Ross.