Born av innvandrarar er flinkare til å overvinne klassebarrierar enn nordmenn flest. Utdanningsdriv, migrasjonserfaring og foreldrekontroll kan vere forklaringa.

Blant etnisk norske har klassebakgrunn stor betyding for suksess i utdanningssystemet. For etterkommarar av innvandrarar er bilete noko annleis.

Sjølv om det også her er ein føremon å kome frå ein middelklasseheim, vel etterkommarar oftare prestisjefylte retningar som lege, farmasøyt, advokat og ingeniør, sjølv om foreldra ikkje har slik utdanning.

Sosiolog Mariann Stærkebye Leirvik har forsøkt å løyse denne sosiologiske gåta, skriv Universitetet i Oslo på sine nyhendesider.

Migrasjon og etnisk kapital
Stærkebye Leirvik har i si ferske doktorgradsavhandling intervjua 33 unge vaksne etterkommarar av innvandrarar frå Vietnam, India og Pakistan.

Gjennom kvalitative intervju fann ho at særleg erfaring med migrasjon og etnisk eller subkulturell kapital kan forklare kvifor klasse spelar ei mindre rolle for etterkommarar av innvandrarar.

Etnisk kapital syner til normer, verdiar, ressursar og praksisar i ei etnisk gruppe. Subkulturell kapital syner til interne skilnader i det etniske nettverket, som by/land-skille eller kastebakgrunn.  Eit døme på etnisk kapital kan vere verdien av utdanning.

LES OGSÅ: Meir disiplin i skulen?

Stærkebye Leirvik forklarar til UiO at foreldre ønsker at barna skal nytte moglegheitene i det nye landet. Ikkje alle innvandrarar har klart å skaffe seg det  livet dei drøymde om då dei migrerte. Om ein ikkje har klart det sjølv, ønskjer ein ofte at barna skal klare det ved hjelp av den rette utdanninga. Unges utdanning har også betyding for omdømet til familien.

I avhandlinga syner Stærkebye Leirvik at foreldra klarar å overføre sine ambisjonar til borna. Dei overtar ei stå-på-haldning, som er knytt til at ein tilhøyrer ei gruppe som strever for å oppnå høgare status i eit land der oddsa ikkje er på eins side. Dei unge kan også føle at det å ta høgare utdanning er ein måte å gi tilbake til foreldra på, for kostnadane migrasjonen har medført.

LES OGSÅ: Snudde eit vanskeleg liv til suksess

Berre ei side av saka
Men dei same mekanismane som gjer at nokon klarar seg bra, kan verke motsett for andre, skriv UiO på sine nettsider.

Stærkebye Leirvik intervjua også 21 minoritetsrådgjevarar. Fleire av desse fortalde at foreldra sine høge utdanningsambisjonar kan medverke til sosial og fagleg mistrivsel, fråvær, fråfall og svake skuleresultat.

Sosiologen åtvarar difor mot å hylle ambisjonane utan å ta høgde for kostnadane:

– Det kan tenkjast at dei som presterer godt i skulen, når langt og opplever stort prestasjonspress, får dårleg psykisk helse, seier ho til UiO, og føresler at det kan vere tenleg å sjå nærare på ulike formar for sosial kontroll, utdanningspress og psykisk helse.

LES OGSÅ: – Vanskeleg å velja utdanning

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE