250.000 endra meining om språk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

250.000 endra meining

Det blei gjennomført minst 3320 arrangement med til saman 149.000 gjester. Språkåret hadde aktivitet i fem land, i alle dei norske fylka, i halvparten av alle kommunane og nesten kvar einaste dag gjennom året.

Dette går fram av rapporten «Så lenge der er språk, kjem det år» om Språkåret frå Nynorsk kultursentrum. I rapporten på 106 sider som oppdragsgivaren Kulturdepartementet fekk i går, er det samandrag på norsk, nordsamisk, kvensk og engelsk.

Språkåret verka

– Språkåret var kulturjubileet som verka, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. – Vi ville auke respekten for språkmangfaldet i Noreg og auke verdien av å leve i eit samfunn med meir enn eit offisielt språk. Vi ville setje ein ny standard for forfattarjubileum og gjere språkleg respekt og toleranse til ei sak for mange på tvers av språklege og kulturelle skilje. Språkåret dekte dei måla som var sette opp, seier Solholm.

– Det einaste større problemet har vore å utløyse like sterkt engasjement for bokmål som for nynorsk, urfolksspråk eller minoritetsspråk. Språkåret var eit politisk kulturjubileum som opna stengde dører mellom dei minoritetsspråklege miljøa og skapte ein ny språkpolitisk arena for desse gruppene, seier Solholm.

Vi takkar Kulturdepartementet for oppdraget og for løyvingane, sekretariatet under leiing av Inger Johanne Sæterbakk, og alle arrangørane som var med og gjorde 2013 til Språkåret, seier Lodve Solholm. – Den største takken går til publikum som tok så godt imot tilboda. Oppdraget er utført, arbeidet held fram, seier styreleiar Lodve Solholm.

LES OGSÅ: Språkåret har levd sitt eige liv

Måla nådde, innanfor budsjett

Berebjelken var sju basisarrangement på ulike stader i landet frå januar til desember. Så godt som kvar einaste dag gjennom heile 2013 var det eitt eller fleire språkårsarrangement, men aktiviteten var størst etter sommaren.

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum framhevar at for første gong har eit kulturjubileum undersøkt om verksemda hadde noko å seie. Han meiner svaret er eintydig ja. – Ei landsdekkjande meiningsmåling før og etter Språkåret syner at det var meir enn språkpolitiske meiningar som endra seg . Mange hadde eit positivt inntrykk av Ivar Aasen før Språkåret, og etterpå var det veldig mange fleire, seier Grepstad.

Budsjettet var på 8,7 millionar kroner, og rekneskapen er gjord opp med eit overskot på 538 000 kroner. Nynorsk kultursentrum arbeidde i 11 år med ideen til det som blei Språkåret 2013. Dei tre tilsette i sekretariatet slutta 28. februar.

LES OGSÅ: Folk kjenner og likar Ivar Aasen

Året som aldri sluttar

Like sidan prosjektplanen blei lagd fram vinteren 2012, var strategien at Språkåret skulle vere året som aldri sluttar, men berre går over i andre former. No held arbeidet fram. Meir enn 25 prosjekt blir førte vidare etter 2013, og Nynorsk kultursentrum har teke på seg ansvaret for den første oppfølginga.

Pengane som er til overs, har Kulturdepartementet gitt Nynorsk kultursentrum fullmakt til å bruke til tiltak som er i samsvar med mål og profil for Språkåret 2013 og som dekkjer ulike språkmiljø. Nynorsk kultursentrum vil ta kontakt med aktuelle aktørar som var aktive i Språkåret for å finne fram til dei beste måtane å føre Språkåret vidare på.

Les fleire språksaker her!

Faktaboks

Dette var også Språkåret 2013

• 250 000 nordmenn endra meining i sentrale språkpolitiske spørsmål
• 149 000 gjester på 3320 arrangement i 219 kommunar og fem land
• Flest arrangement i Oslo, Ørsta og Kåfjord
• Inntekter på 8,7 millionar kroner og overskot på 538 000 kroner
• «Språkmagasinet» med årsprogramet blei trykt i 345 000 eksemplar
• Fredriksstad Blad trykte ei dialektutgåve 6. mars i fem opplag og utgåver
• I gjennomsnitt såg 607 000 kvart program i serien «Dialektriket» på NRK1
• «Smøyestol» blei kåra til det mest populære dialektordet
• To frimerke blei til saman trykte i 10,2 millionar eksemplar
• Over 10 000 ville inn på Det Norske Teatret på festdagen 6. oktober
• Den første kvenske grammatikken blei skriven ferdig
• Nynorskstafett over 30 000 km frå januar til oktober
• Ni parti var med i språkpolitisk debatt og -markering 5. august
• Grunnlaget for eit samarbeidsform for minoritetsspråk blei forma
• Over 25 prosjekt blir førte vidare etter 2013