Rekordsøknad til økologisk utdanning

– Veldig gledeleg, seier rektor Bjørg Fritsvold, som berre kan konstatera at skulen går ein spennande vår og sommar i møte på fleire måtar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sogn Jord og Hagebruksskule kan i år slå i bordet med rekordmange søkjarar. 34 elevar har søkt på vg2 naturbruksfag, det er seks fleire enn skulen har plass til.

– Dette er veldig lovande. Fråfall er alltid ei utfordring, men i tillegg pleier det å koma fleire søknader utover våren og sommaren. Me har òg hatt fleire telefonar frå elevar som lurer på om det er for seint å søkja no. Dette ser veldig bra ut, seier Fritsvold.

Ho er også godt nøgd med at 19 elevar vil ta vg3-løpet i Aurland.

– Her har me plass til fem fleire, men 19 søkjarar er eg godt nøgd med.

LES OGSÅ: Ber Listhaug berga økoskulen

Utbygging
Om vel to månader skal Fylkestinget avgjera lagnaden til skulen. Den er framleis uviss, men eit godt arbeid frå fleire hald har gjort utsiktene langt lysare enn for berre kort tid sidan.

Aurland kommune og venne­foreininga til Sogn Jord og Hagebruksskule gjer framlegg om å etablera ei stifting som skal stå for utbygginga ved skulen.

Aurland kommune vil gå inn med inntil fem millionar kroner i ei slik stifting. Fylkeskommunen legg på bordet rundt 26 millionar til utbygginga.

LES OGSÅ: Økologisk mat fall i smak

Må overtyda politikarar
Det betyr at det står att rundt 11 millionar for å få fullfinansiert dei kortsiktige bygningsmessige investeringane som må til for å gjera SJH til ein topp moderne undervisningsinstitusjon. Den biten er fleire utfordra på, ikkje minst Staten. Både utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen og landbruksminister Sylvi Listhaug og statssekretær i landbruksdepartementet Heidi Blåfjelldal har fått inngåande orientering om viktigheita av å ha eit økologisk fyrtårn som SFJ, og kva som må til av investeringar for å sikra dette. Og for kort tid sidan fekk Venstre-leiar Trine Skei Grande oppleva det økologiske miljøet i Aurland på nært hald. Førebels har ingen svara på utfordringa, sett vekk frå framtidige naturbrukselevar.

LES OGSÅ: Skal gi ministeren råd om landbruket

God PR
Fritsvold trur det ligg fleire årsaker bak den kraftige oppgangen i søkjartalet til vg2 i år.

– Eg ser på medieoppslag andre stader at det generelt er større pågang til naturbruksstudium. I tillegg er folk blitt meir opptekne av matproduksjon og mattryggleik, kor viktig dette er og kor sårbart det kan vera, seier Fritsvold. Ho trur også at all merksemda på framtida til skulen kan ha spelt inn.

– Me nærmar oss det endelege slaget. Slik sett kan ein vel seia at all pr er god pr, seier Fritsvold.

Saka var først publisert i Sogn Avis.